Bakgrunnsartikkel

Hjelp eit insekt!

Her er tips til kva du kan gjere for å hjelpe bier, humler og andre pollinerande insekt.

Skrive av
Christian Steel
Christian Steel
Biolog og generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima

Slå ei eng

Du kan skjøtte kulturlandskap eller vegkantar rundt deg til det beste for insekta. Ljå er framleis den beste reiskapen å slå ei eng med. God trening er det òg! Slåttemark er mellom dei aller mest truga naturtypane vi har i landet, og ei av hovudårsakene til at villbiepopulasjonane går ned. Hugs å slå til rett tid, og ikkje for ofte. Ta kontakt med ein miljø- eller landbruksrådgivar i kommunen din og få råd. Ein ljå kostar eit par hundre kroner og du kan tinge han på nettet.

Behald «rotet» i hagen

Det enklaste tipset er rett og slett å la det vere litt rotete i hagen. La til dømes ein del av hagen «forfalle». Døde greiner og strå dannar naturlege levestader for insekta, og død ved gir eit auka mangfald av insekt, soppar og lav. Pass likevel på ikkje å bevare altfor fuktige område, for her trivst brunskogsnigelen.

Bygg insekthotell og humlekassar

Insekta manglar bustader. Men du kan hjelpe ved å lage ditt eige insekthotell eller humlekasse. For å lukkast med humlekassen er det viktig at han inneheld godt reirmaterial, og aller helst restar av eit musebol, då humler naturleg vil lage sitt eige bol i eit forlate musebol. Humlekassen må også ha ei lita opning for humlene. Bolet skal ha grovmaterial ytst, og til dømes sjoddi inst til sjølve bolet som er utforma for hand. Set på lokket og alt er klart for innflytting.

Plant for pollinatorar

Hagar er viktige levestader for dei ville pollinatorane når dei naturlege leveområda deira blir øydelagde. Særleg hageblomstrar i byar er viktige matkjelder for humler, bier og andre insekt. Ved å plante plantar med mykje nektar og pollen som blomstrar gjennom heile sesongen, legg du til rette for at dei pollinerande insekta får mat gjennom heile sommaren. Ein tommelfingerregel er at jo fleire ulike plantar med pollen og nektar du har, jo betre er det. Det er også viktig at du har plantar som blomstrar gjennom heile sesongen. Då vil insekta velje å slå seg ned i nærområdet ditt når dei leitar eller bolplass om våren, og ikkje svelte ihel om hausten.

Når du plantar i hagen din er det viktig at du ikkje på same tid øydelegg dei ville blomstrane ved å plante introduserte, framande artar. Nokre av dei framande artane som blir planta ut har vist seg å vere ein trugsel for stadeigne artar, til dømes lupin. Lupinar er gode humleplantar og trivst i norsk klima, men spreier seg raskt utanfor hagegjerdet, der han kan utrydde førekomstar av naturlege plantar.

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk