Bakgrunnsartikkel

Blodig alvor

– Kanskje vi er på veg tilbake til blodhemnen? spør skodespelar Oddgeir Thune seg. I haust skal han spele den plaga kongssonen Orestes, ein mann som ber på ein blodig arv.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

– Du vil aldri vinne ved å drepe di eiga mor, konstaterer Thune. I haust skal han spele den plaga kongssonen Orestes, ein mann som ber på ein blodig arv.
– Uansett så sit du igjen etterpå med ditt eige samvit.

Det er i alle fall dette det klassiske dramaet Oresteia av Aiskhylos vil fortelje oss. I haust får stykket urpremiere i ein ny versjon signert Jon Fosse. Oresteia tek for seg korleis den moderne bystaten med moderne rettsprinsipp kom til, ifølgje gresk mytologi. Da det over 2000 år gamle teaterstykket blei skrive, var det framleis auge for auge, tann for tann og liv for liv som gjaldt.
– Det er ekstremt blodig, forsikrar skodespelaren.
Men med det gryande demokratiet og bystaten Athen voks det fram eit behov for nye lover og strafferett. Det blei rett og slett for mykje dreping.

Mor til Orestes, Klytaimnestra (Gjertrud Jynge), har blod på hendene. Foto: Erik Berg.

I Oresteia er det gudane Apollon og Athene som driv fram ei endring, men for Orestes er det for seint.
– Lagnaden til Orestes er å drepe mora, Klytaimnestra. Ho drap far hans, kong Agamemnon, som drap søster hans, Ifigeneia. Deretter vil Orestes sjølv bli drepen av furiene. Forbanna er han uansett, anten han utfører plikta si eller ikkje, seier Oddgeir Thune og legg til at denne lagnaden driv mannen til vanvit.

Orestes opplever eit såkalla catch 22: Dersom han ikkje utfører lagnaden sin og drep mor si og med det gjenoppretter den gudgitte kongsarverekkefølgja, vil folket lide under vanstyret til mora og onkelen. Men heldigvis for Orestes set dei yngre gudane i gang den første rettssaka, der alle vitne blir høyrde og ulike sider av saka belyst. Dermed endar den blodige valdsspiralen, og balansen i Athen blir atterreist utan at fleire liv går tapt.

Dette var altså noko grekarane fann på for over 2000 år sidan, og som har sett standarden for korleis vi fører rettsprosessar den dag i dag.

Orestes framfor domstolen i Athen. Foto: Erik Berg.

Men i samtida kan vi sjå teikn til at tilliten til rettssystemet er under press:
– Det tydelegaste eksempelet på dette fekk vi jo no i vår, med den valdtekts-rettssaka i Bergen, der rapparen Kamelen og fleire andre tok saka i eigne hender, som ei form for folkedomstol, om det ikkje beint fram var blodhemn, seier Thune.
– Domstolane, politikarar, politi og forskarar – tilliten til og respekten for desse er i ferd med å forvitre, meiner han.
– Alle kan vere ein ekspert, plutseleg. Og folk synest å meine at det er meir effektivt å ta saka i eigne hender. Kjenslene styrer, og fornufta er kanskje litt på veg ut? reflekterer Thune, og argumenterer for at det er det stikk motsette av det som skjer i Oresteia. Der går ein frå eit system der kjenslene styrer, til ei meir fornuftsbasert styreform. Han meiner vi i vår tid går i motsett retning av bystaten Athen.

– Kanskje folk i dag opplever at dei som styrer, er for fjerne frå oss, at politikarar og andre ikkje snakkar til oss som individ. Medan dei som framfører meir direkte appellar, sanne eller usanne, snakkar til kjenslene våre og treffer oss betre. Dette gjer Oresteia til eit svært interessant stykke i dag, avsluttar han.

Intervjuet er publisert 23. juni 2023. Toppfoto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.