Bakgrunnsartikkel

Bech to basic

At Nils Bech skulle bli musikalkomponist var på ingen måte sjølvsagt.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

I dag er eg veldig nøgd!

Nils Bech kjem rett frå prøvar på Hovudscenen. Det er om lag ei veke til verdspremieren på Bienes historie, og veldig mange komponentar skal falle på plass. Rundt 60 aktørar på og rundt scenen, ti skodespelarar, ni dansarar, 26 barn, og sju musikarar i orkesteret. Og i dag er det noko som har lausna.

- Musikal er eigentleg eit ganske rart kunstnarisk uttrykk, slår han fast. Vi sit i kantina på teateret. Bech har jobba med både teater og spesielt dans tidlegare. Men det er første gongen han skriv musikk til ein musikal.

- At skodespelarar går rett frå å snakke om noko veldig trist og vanskeleg, for så plutseleg å bryte ut i song og fullt ensemblenummer med dans, det kan fort bli parodisk eller absurd.

Men no føler han altså at han, saman med regissør Erik Ulfsby, koreograf Cina Espejord, og alle dei andre som medverkar, byrjar å få det til.

- Vi har funne ei form der flettverket mellom dei tre elementa musikk, dans og teater byrjar å sitte. At det gir meining at skodespelarane halvvegs ut i ei setning byrjar å synge. Det er utruleg gøy å sjå at når det klaffar, så blir det magisk. No føler eg at vi er på veg ein stad der heilskapen kan bli utruleg fin.

Mona Huang spelar rolla som Tao og Aarne Kristian Ruutu som ektemannen Kuan. Frå Bienes historie. Foto: Erik Berg.

Starten

Som barn elska Nils Bech musikalar. Eigentleg hadde han ein draum om å bli ballettdansar, men på ballettskolen i Vikersund, der han vaks opp, var det berre jenter som fekk lov til å danse. Så, elleve år gamal, fekk han vere med i Oliver Twist på Chateau Neuf i Oslo. Harald Heide-Steen jr. spelte hovudrolla som Fagin. Det var utselde hus kvar kveld. Nils Bech hadde dei fem beste månadane i barndommen sin der. Han kan framleis hugse lukta av teateret.

Men så går åra. Han byrjar på musikklinja, tenker han skal bli operasongar. – Eg ville vere intellektuell, og tenkte som veldig mange andre rundt meg at musikal var litt harry, noko som var ganske datert.

Nils Bech byrjar å gi ut eigen musikk. Blir soloartist, til strålande mottaking. Held konsertar i inn- og utland. Så ein dag, for halvanna år sidan, ringer teatersjefen på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, og spør om Nils Bech kan tenke seg å skrive musikk til ein ny musikal dei skal sette opp.

- Dei seinare åra er det mykje som har skjedd på musikalfronten. Musikalar kan vere kva som helst. Og Erik Ulfsby hadde lyst til å utfordre kva vi tenkjer at den klassiske musikalen skal vere. Og det var nok det som gjorde meg gira på å vere med på dette prosjektet. Til dømes ville Erik ha med ballettdansarar i staden for dei klassiske «jazzhands». Og så var det veldig motiverande at han ikkje gav meg nokon musikalske føringar i det heile.

«Det er ein slags kakafoni av ulike musikkretningar, på nynorsk.»

Musikalsk lagarbeid

Dermed var det gjort. Nils Bech skulle bli musikalkomponist.

- Det er viktig for meg å understreke at vi er eit lag som står bak det lydbildet du høyrer på scenen. Eg speler ikkje eit einaste instrument. Så det eg gjer er at eg speler inn uendeleg mange lydklipp av at eg sjølv syng. Så høyrer eg på det, slettar mykje, tek opp meir. Går ein tur på butikken, går plutseleg rundt og syng på ei strofe som eg tenkjer at «oi, her er det noko». Så går eg heim og byrjar igjen.

Bech lagar melodiane til songtekstane. Så dreg han i lydstudio med komponist og musikkprodusent Nils Martin Larsen, som legg på akkordar. Så kjem produsent Bendik Hovik Kjeldsberg og Kaja Fjellberg Pettersen, som også speler i orkesteret, som så arrangerer og komponerer vidare på utgangspunktet i samarbeid med Nils Martin.

- Eg kan ikkje ta æra for nokon av instrumentaltinga. Men i den prosessen vi er i no, i scenerommet, så er eg til stades heile tida for å jobbe med resten av det musikalske uttrykket, i samarbeid med orkesteret.

Resultatet, musikken til Bienes historie, er litt som Nils Bechs eige musikalske univers: Det er ei god blanding av mykje forskjellig. Og dei ulike uttrykka snakkar med kvarandre. - Det går frå reine balladar med berre strykearrangement, til elektroniske parti, barnekor og beats. Eg ser no at mange av melodiane er ganske ulike det eg ville laga til meg sjølv. Det er ein slags kakafoni av ulike musikkretningar, på nynorsk.

Morten Svartveit, som speler William, og Nora Elise Augustinius som speler dottera Charlotte. Frå Bienes historie. Foto: Erik Berg

Det magiske med song

Nils Bech er vand til sjølv å skrive eigne tekstar til musikken sin. Til Bienes historie er det Ola E. Bø som har skrive songtekstane. Det er eit samarbeid som har vore fint, tenkjer Bech.

- Stemmen er det einaste instrumentet som kan formidle tekst. Ein symfoni kan sjølvsagt vere skriven til eit dikt, og du kan kjenne diktet ut og inn. Men ein kontrabass eller eit piano kan ikkje seie tekst. At du kan gjere musikk samstundes som du fortel ei historie, det synest eg er heilt magisk.

- Ola har vore veldig open for mine innspel. Samstundes har han vore tydeleg på sine tankar rundt songtekstane og kva som er viktig for han. På den måten har vi har kasta ball. Det har eigentleg vore veldig sunt for meg. Eg føler at eg kanskje har vakse litt i måten eg lagar melodiar på.

Formidling gjennom songen har vore viktig for Nils Bech i arbeidet med Bienes historie. Han ønskjer at skodespelarane skal synge teksten som dei ville sagt han.

- Eg er ikkje interessert i at den høge topptonen skal vere kraftig og sterk og at du skal imponere med han. Det kan kva som helst anna instrument gjere. Eg vil heller fokusere på det å formidle teksten. Og om du til dømes skal seie noko som er sårbart for deg, kvifor skal du gjere det i fullstemme da? Vi må finne den tonearten der stemma resonnerer med innhaldet i teksten.

«Det er veldig gøy å kunne vere på den andre sida for ein gongs skyld, ikkje å måtte stå
 på scenen sjølv.»

På den andre sida

Det perfekte interesserer ikkje Nils Bech.

- For min eigen del som songar har eg alltid tenkt at kvifor skal eg synge, når det finst hundretusenvis av andre songarar som er meir teknisk dyktige enn meg? Svaret, for min del, er at eg elskar å synge, og at eg kan fortelje ei historie som eg synest eg viktig. Som regel er det mi eiga historie. Men da må eg fortelje ho på ein måte som viser at dette er personleg for meg.

Og denne songtekniske filosofien har Bech fått gjennomslag for. Han har opplevd at heile det kunstnariske laget på teateret, og ikkje minst skodespelarane, har komme ideane hans i møte på ein utruleg fin måte.

- Eg føler rett og slett at sjølvtilliten min har blomstra av heile prosjektet. Eg har verkeleg storkosa meg med det, sjølv om det er heilt absurd mykje jobb. Det er sånn at eg neste gruer meg til det er ferdig. Men det er veldig gøy å kunne vere på den andre sida for ein gongs skyld, ikkje å måtte stå på scenen sjølv.

Nils Bechs første møte med musikalen var eit godt barndomsminne. Med Bienes historie vender han tilbake til utgangspunktet. Men denne gong er det andre som skal stå i rampelyset. Sjølv skal han sitte i salen og oppleve det han har laga, saman med publikum.

Hovudfoto i saken: Jakob Landvik