Bakgrunnsartikkel

Av med allversjakka. På med haute couture!

Han er lett å få auge på. Med sine 191 centimeter nærast svever Oumar Dicko gjennom korridorane på teateret. Ikkje eit plagg er tilfeldig, og elegansen han tar med inn på sin nye arbeidsplass er påfallande. Ein kontinental energi som utmerker seg i den nynorske teaterinstitusjonen.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

- Eit antrekk kan bygge karakter.

Oumar Dicko ler. Belgiaren med røter frå Mali er utdanna frå eit av Belgias mest anerkjente mote- og kunstakademi. Kjærleiken til tekstil kjem frå ein oppvekst med stoff, plagg og tilgang på mønster og fargar på tøystykke som faren tok med seg frå reiser i heimlandet.

Når Fossefestivalen opnar med Vinter på Hovudscenen er kvardagskleda bytt ut med skreddarsaum. Kostymedesignaren på Jon Fosses Vinter er oppglødd over kunnskapen som finst på teateret si systove.

- For meg er det viktig å skape karakterar. Eg ønskjer å bygge eit uttrykk basert på tekstgrunnlaget, skodespelaren som skal gi kropp til rolla, og korleis rollefiguren skal opptre i scenerommet. Eg ønskjer å bidra til at skodespelaren får eit ytre lag som løftar han inn i rolla. Kostymet blir ein sentral reiskap for å modellere rolla. Og med dei kreftene som finst på systova i dette teateret kan vi verkeleggjere ideane mine.

- Kostymet blir ein sentral reiskap for å modellere rolla.

Kostymeteikningane til Oumar på systova. Først på tavla heng eit bilde av Henry Moores skulptur frå 1952, Reclining figures.
På stativet heng ulike kostyme, utsøkte stoff og ulike snitt er gjennomgangsmelodien.
Frakken som Kyrre Hellum skal ha på seg er teknisk avansert.
I eit tidlegare stadium av tilverkinga. Herrefrakk med særeige snitt. På systova har dei fått både gøye og interessante oppgåver.

Sterke motetradisjonar

Oumar Dicko har trass i sin unge alder rokke å fordjupe seg i poesi, i klassisk dans, i mote, skreddarsaum og historie. Han skjeglar ikkje til trendar eller raskt skiftande motebilde. For han er det klassiske handverket like viktig som den kreative nyskapinga. Inspirasjon hentar han frå mange kjelder. Belgisk moteindustri strekker seg fleire hundreår tilbake i tid. Det som starta med sterke handverkstradisjonar særleg knytt til veveria har vore med å forme dagens motescene. Moderne designarar inspirerer med si unike blanding av tradisjon og modernitet og det vesle landet i sentral-Europa har imponert med innovative og kreative bidrag til den internasjonale catwalken dei siste tiåra. Dries van Noten, Ann Demeulemeester, Diane von Furstenberg er berre nokre kjente namn, lista er lang og imponerande.

Da Oumar Dicko blei uteksaminert frå Royal Academy of Fine Arts of Ghent i 2020 hadde han inngåande kjennskap til den rike tradisjonen han no er vidareførar av. Kunstskolen er ein av dei eldste i Belgia, akademiet blei grunnlagt i 1748 og fekk kongeleg charter i 1771 av keisarinne Maria Theresa av Austerrike. Visjonen for akademiet har Oumar Dicko klart å etterleve. Det er nemleg eit uttalt mål at studentane skal utfordrast til å utvikle sin eigen kunstnarlege praksis. Å vere konstant utforskande, stille spørsmål ved og presse grensene for mediet er ambisjonen.

Allsidig kunstnar

Og pressa grenser har han. Gjennom bakgrunnen som dansar og erfaringa frå ulike kunstfelt var det naturleg å bevege seg inn i scenerommet. På få år har han vist talentet sitt som kostymedesignar for opera-, teater- og danseproduksjonar i Brüssel, Antwerpen og Stockholm. No står Oslo for tur.

- Eg startar alltid med teksten, seier Oumar Dicko.
- Eg les han mange gonger, eg gjer grundig research, finn utdrag som snakkar direkte til meg, personleg og kjenslemessig, og diskuterer flittig med regissøren, Lisaboa Houbrechts. Eg følgjer produksjonen heile vegen, frå casting til første prøvedag, gjennom prøveperioden, eg er alltid der for å føle og sjå korleis skodespelarane ter seg, korleis dei kommuniserer. Eg teiknar undervegs, og gjennom prosessen nærmar eg meg det som blir konseptet.

Oumar Dicko måtte avbryte ein lovande karriere som dansar grunna ein skade. Erfaringa har han tatt tett med inn i arbeidet som designar. Kropp i bevegelse er viktig for den unge kunstnaren. Foto: Monica Tormassy.

- Eg startar med blanke ark, og skjeglar ikkje til trendar

I Vinter står skodespelarane Tani Dibasey, Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø på scenen. Framsyninga opnar Fossefestivalen den 5. september. Foto: Monica Tormassy.

I Vinter skal Dicko og det kunstnarlege teamet utforske graden av opasitet, eit omgrep som blir brukt for å skildre materialets evne til å sleppe gjennom lys eller anna stråling. Gjennomsiktig stoff og mindre gjennomsiktige avgrensingar av rommet dannar ramma rundt skodespelarane. Nyansar av same farge vil gå gjennom framsyninga som blir prega av stofflegheit og bruk av ulike materiale.

- Francis Bacon og Henry Moore er referansar som vi har tatt med inn i arbeidet. Bilda og skulpturane deira er fine inspirasjonskjelder før vi går i gang med sjølve handverket. Kva vil vi fortelje gjennom konstruksjonen av plagga? Kva for silhuettar, fargar og lag vil vi arbeide med? Og korleis går vi frå kvardagsplagg til meir abstrakte antrekk? Å utvikle karakterar er av høg interesse og verdi for meg . Det må vere ein overgang i kvar karakter og alle skodespelarane får tre ulike kostyme som endrar seg mot det meir abstrakte gjennom stykket.

Å bygge skalet eller rustninga eller rett og slett gjere skodespelaren i stand til å bere ein karakter er sjølve målet for Dicko. Den unge kostymedesignaren gler seg til å kreere eit nytt uttrykk til den vestlandske nobelprisvinnarens karakterar. Målet er ikkje å gjenskape eller imitere livet på scenen, men å opne for ei anna verkelegheit, ei tenkt og følt verkelegheit.

- Eg hentar ikkje inspirasjon frå fashion, andre designarar eller fotografi. Eg les teksten og ønskjer å kreere noko eige. Og så tar eg sjølvsagt opp i meg alle referansane som omgir oss, men teksten slepp fantasien fri. Eg startar med blanke ark, og skjeglar ikkje til trendar. Men når det er sagt, ettersom eg har studert nettopp fashion, er det ikkje fritt for at vi brukar teknikkar frå det feltet, avsluttar han med ein latter.

Oumar Dicko er som ein studie i eleganse. Den moteutdanna kostymedesignaren vil likevel ikkje la trendar påverke uttrykket i Jon Fosses Vinter. Foto: Monica Tormassy