I dramatiseringa av Vigdis Hjorths Arv og miljø møter vi ein familie som står i krise; mor, ein nyleg avliden far, fire vaksne barn og eit sommarparadis som er testamentert til dei to yngste i søskenflokken.
Vi følgjer den eldste dottera, Bergljot, som braut med familien for over tjue år sidan. Arvetvisten opnar ein annan og langt større diskusjon. Dei to eldste barna har begge opplevd overgrep i barndommen, far skal ha slått broren, Bergljot har opplevd ei seksuell krenking. Men ho har ikkje møtt forståing frå mor. Kvifor har mora i alle år forsvart faren mot dottera?
Anne Marit Jacobsen veit at ho går inn i ein betent konflikt. For sjølv om Vigdis Hjorth har avkrefta at romanen er sjølvbiografisk, utløyste han ein stor debatt om verkelegheitslitteratur etter utgjevinga i 2016. Da teaterstykket blei sett opp på Den Nationale Scene to år seinare, varsla til og med Vigdis Hjorths eiga mor eit søksmål. Oppsetjinga krenker privatlivets fred, meinte ho.

Kjersti Elvik og Anne Marti Jacobsen speler mor og dotter i framsyninga Arv og miljø. Foto: Ole Herman Andersen.
Framsyninga blei ein suksess og blei nominert til Heddaprisen for årets framsyning og beste regi. No får publikum i Oslo oppleve Arv og miljø, som Kjersti Horn har regien på. Kjersti Elvik spelar også no rolla som Bergljot, resten av ensemblet er nytt.
Jacobsen tar fatt i rollearbeidet som ho alltid gjer, ved å gjere denne mora til eit heilt og fullt menneske, med alt av menneskelege svakheiter og styrkar som vi alle ber med oss. Som skodespelar veit ho å bruke alt ho har av eigne erfaringar, sjølv om ho ikkje har kjent tilsvarande strid på kroppen.
- Det er jo fleire morsroller her, seier Anne Marit Jacobsen.
- Eg kan berre belyse og framstille den mora som forfattaren har valt å skildre. Eg søker alltid hindringar og motsetningar i karakterane eg skapar og det finst i rikt mon i min karakter her.
- Men kvifor er det så vanskeleg å vere familie?
- Det er ikkje alle forunnt å ha eit harmonisk og givande forhold til sine næraste. Søsken kan vere veldig forskjellige og ein må vere villig til å skape eit varig varmt forhold til dei. Nokre har utgangspunkt og erfaringar som gjer dette umogleg. Dessverre er det i nokre familiar altfor store motsetningar til at ein kan klare å oppretthalde og dyrke nærleiken som er så verdifull når han er på plass. Ein kan heldigvis finne støtte i og kjenne seg nær menneske utanom familien. Det er ei stor trøyst for dei som ikkje finn det blant sine næraste, seier Anne Marit Jacobsen.
- Det er ikkje alle forunnt å ha eit harmonisk og givande forhold til sine næraste.

Aktuell på fleire frontar
Anne Marit Jacobsen er glad for å vere tilbake på Det Norske Teatret og finn stor inspirasjon i å jobbe med nye kollegaer. 78-åringen ligg ikkje på latsida og er stadig aktuell i filmar, på teaterscenen eller på TV. At ein ny generasjon oppdaga henne gjennom deltakinga i programmet Kongen befaler på TVNorge, gjer Jacobsen glad.
- Det er så gøy når ungdom hjartar meg når dei ser meg på trikken. Da blir eg stolt. Kongen befaler er jo berre ein leik som det var frigjerande å vere med på. Kanskje dei som har hatt glede av det kjem for å sjå andre ting eg gjer? Kanskje dei får sjå noko dei elles ikkje ville ha sett. Kanskje opnar det seg nye rom og eventyr som jo teater er?

I vinter var Anne Marit Jacobsen deltakar i TV-programmet Kongen befaler. Foto: TVNorge
Anne Marit Jacobsen håpar det. Og trur eit stykke som Arv og miljø kan vere eit stykke som kan passe for mange. Uavhengig av alder og kor i arverekka ein står.