Teateret fekk ein eigen plass i karrieren til Alf Prøysen. Interessa for scenekunst voks fram alt i barneåra. Han var ein trufast tilskodar når ungdomslaget i heimbygda framførte skodespel på arbeidarlokalet Fremad. Etterpå improviserte han fram skodespel saman med naboungane, både på låvar og i skogen.
14 år gammal skreiv Prøysen skodespelet Tre giftegærne jinter, som òg vart framført på Fremad. Han spela sjølv hovudrolla, gardbrukarguten som vågar å fri til to gardbrukardøtrer samstundes. Frå han var tolv år var han òg ein flittig underhaldar på basarar og i ungdomslag. Og da han opplevde kjende Chat Noir-skodespelarar på turné, vart han inspirert til å lage kabarétar for lokale teatergrupper.
I 1946 skreiv han tekster til og spela med i studentrevyen Ad Undas i Oslo, der han gjorde stor suksess med ei vise om Trygve Lie, den første generalsekretæren i FN. Etter det fekk han tilbod frå Chat Noir. Men i staden drog Prøysen på velferdsturné til Tysklandsbrigaden saman med Alfred Maurstad. Og året etter fór han over Hedmarken og Toten med eigen kabaret. Fulle hus! Sommaren 1949 var han med i Herberths teltrevy. Men etter kvart byrja Prøysen å mislike livet på scenen. Nervøsiteten tok overhand, og han måtte gje opp artistlivet.
Med da starta eit nytt teaterkapittel. Dramatikaren voks fram att. Det var skodespelaren og instruktøren Asbjørn Toms som hadde æra for det.
Nytt teaterkapittel
I eit selskap heime hos Prøysen-venene Anne-Cath. og Johan Vestly nyttårskvelden 1950 la Asbjørn Toms fram ideen om å dramatisere den nyutkomne romanen Trost i taklampa. Det vekte åtgaum, og alt dagen etter tok Johan Vestly og Toms toget til Nittedal for å tala med Prøysen. Han tende på ideen med ein gong, og gav Toms fritt løyve til å tala med teatersjefen.
Men teatersjefen vegra seg. Opprørsromanen vart for sterk. Men så kom det ny sjef, og han gav klarsignal. Dermed var startskotet for Prøysen-epoken på Det Norske Teatret gitt. Men Prøysen sette eitt vilkår: «Om eg skal freista å få til ei dramatisering av boka, så vil eg ha Asbjørn som medarbeidar.» Og slik vart det!
10. februar 1952 kom urpremieren, med Asbjørn Toms som instruktør. Og trubaduren song eigne viser mellom sceneskifta. Stemninga var overveldande.
Plakaten til musikalen Trost i taklampa som hadde premiere i 1963.
Jamvel om nokre kritikarar fann einskilde scener i enklaste laget, vart Trost i taklampa eit lykkekast for teateret. Prøysen førte noko nytt inn på scenen. Miljøet, opprørstrongen, det satiriske biletet av bygdesamfunnet, den rause folkelege humoren og personteikninga, verka frist og ekte. Og Ringsaker-målet fungerte som eit godt folkemusikkinstrument på scenen òg.
Trost i taklampa gjekk for fulle hus 208 gonger og berga nynorskscenen i ei økonomisk krisetid. I 1957 vart stykket sett opp att 44 gonger. Til 50-årsjubileet for Det Norske Teatret i 1963 forma parkameratane Prøysen og Toms folkekomedien om til eit musikkspel, med sjarmerande musikk av Finn Ludt, som vart ein god samarbeidspartnar i fleire samanhengar seinare. Ny suksess! Fleire av melodiane var slagerar, og musikalversjonen vart sett opp att i 1984 med Vazelina Bilopphøggers som Snekkersvekara, eit slags komi-rockeband, og i 2014.
Per Håland i Gula Tidend skreiv noko som kanskje kan vera ein konklusjon på mykje av det Prøysen-songane har hatt å seie: «Musikken er frisk og fin. Songane fell stort sett i øyra, mange av tonane er kjende, somme har vore landeplage, eller helst landsglede like sidan dei var skapte.» Trost i taklampa har òg vore spela to gonger på Riksteatret, der Prøysen fekk framført einaktaren Fløttardag alt i 1952.
Sjå oversikt over alt av Alf Prøysen som har vore spelt på Det Norske Teatret i vårt digitale arkiv.
For ungane
Med teatera hadde svikta seg sjølv som dei ikkje hadde gitt rom for den geniale barnediktaren òg. Ein kan vel seie det same om Prøysen som det i si tid vart sagt om Chaplin: «Det var ungane som oppdaga han.»
I 1954 fryda arbeidskompisane Prøysen og Toms seg med å setje saman rim og regler og simsalabim til barnekomedien Sirkus Mikkelikski, som òg vart sett opp att i 1968. Her var kjende songar frå Barnetimen: «Hompetitten» og «Du og je og dompappen» og mange fleire. Barna song med og var samde i at menneska ikkje lenger fekk lov å vera slemme mot dyra. I 1972 følgde leikespelet I Bakvendtland og i 1977 Hompetitten.
Torbjørn Lien som Havregrauten og Alf Ramsøy som Mikkel Rev i Sirkus Mikkelikski. Premiere på Det Norske Teatret 17. desember 1954.
Marit Kolbræk som Teskjekjerringa i Teskjekjerringas julestrid. Urpremiere på Det Norske Teatret i 2000. Signe Marie Andersen/Det Norske Teatret
Alt på 1950-talet skapte jo Prøysen ein figur som vart verdskjend: Teskjekjerringa. Det gjekk rykte om at ho var meir kjent i Japan enn på Ringsaker. Teskjekjerringa kunne ein høyre i radio og sjå på TV. Ho vart ein del av kvardagen til norske ungar. Og i 1989 hamna ho på Det Norske Teatret i Teskjekjerringa på camping. Mellom 2000-2010 spelte Teskjekjerringas julestrid åreleg på Det Norske Teatret med stor suksess. Det sama har Snekker Andersen og julenissen vore på Oslo Nye Teater.
Teaterkunsten treng Alf Prøysen. Den varme satirikaren med det leikande barnelynnet, som gjorde kvardagsmenneska unike!
Teksten er eit utdrag frå ein artikkel publisert i Prøysenårbok 2004, (red) Knut Imerslund, Oplandske Bokforlag. Den er oppdatert i 2026.