Bakgrunnsartikkel

Å gi røyst til det useielege

DIFF er ein scenekunstfestival med Jon Fosse sin mangfaldige forfattarskap som eit samlande utgangspunkt. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, og eit fagprogram som tar sikte på å utforske scenekunsten frå ulike perspektiv.

Med Nobelprisen i litteratur i 2023 blei Jon Fosse for alvor kjent internasjonalt. I grunngjevinga heitte det at prisen blei tildelt för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara, altså Fosse sin måte å la den tause talen komme til orde. Med dette som bakteppe inviterer Det Norske Teatret utvalde framsyningar, forfattarar og regissørar – som alle på originalt vis utforskar den tause talen og forteljinga – til DIFF, Den internasjonale Fossefestivalen.

DIFF har vore arrangert på Det Norske Teatret fire gonger. Den første festivalen gjekk av stabelen i samband med hovudpersonens 60-årsdag i 2019. Sidan har festivalen markert opninga av haustsesongen ved teateret i 2021, 2023 og 2025. I omlag ti dagar blir teateret fylt med Fosseframsyningar, både eigne produksjonar og internasjonale gjestespel, og eit sideprogram som utforskar fortattarskapen og dramatikken frå ulike perspektiv. Festivalen har også romma annan ny dramatikk, frå særmerkte røyster etter Fosse. DIFF 2025 markerte ei vidareutvikling av festivalen, og dette blir ført vidare i 2027.

Nytt i 2025 var at vi inviterte ein æresgjest eller festivalprofil som kjem til å vere sentral i markeringa av dei litterære og dramatiske tendensane i kjølvatnet av Jon Fosse. Dette vil vi også gjere i 2027.

Kjersti Horn, teatersjef

Fossefestivalen er ein del av Det Norske Teateret og blir arrangert i samarbeid med Samlaget.


Kuratert av Kjersti Horn og Siri Løkholm Ramberg
Produsent Roar Myrvang
Festivalkoordinator Kirsti Ervik
Informasjonssjef Ida Michaelsen