Bakgrunnsartikkel

Å forlate eit land

Rundt ein million nordmenn reiste til Amerika mellom 1825–1975. Korleis starta det? Kven var desse menneska, og kvifor drog dei?

Skrive av
Sverre Mørkhagen
Sverre Mørkhagen
Journalist og forfattar. Har tidlegare gitt ut bøkene Farvel Norge. Utvandringen til Amerika 1825–1975, Drømmen om Amerika. Innvandringen fra Norge 1825–1900 og Det norske Amerika. Norsk innvandring i USA og Canada 1900–1975.

Utvandringa til Amerika byrja tidlegare på 1800-talet i Noreg enn i landa omkring oss.

Tilsynelatande skulle det ikkje vere nokon grunn til det. Svenskane hadde vore ute allereie på 1600-talet og etablert sin eigen koloni i Delaware på den amerikanske austkysten, mens danskane, med nordmenn på laget, bygde opp koloniar for slavehandel i Karibia utanfor kysten av Florida på 1600- og 1700-talet. Men dette var etableringar leia ovanifrå i det svenske og danske samfunnet.

Bak den breie, folkelege utvandringa som voks fram i Noreg på 1800-talet, med det første utspringet sitt i Ryfylke, finn vi eit samfunn av kvardagsmenneske som passerte tolegrensa for folkeauke. Folketalet voks med aukande fart gjennom heile hundreåret.

Men det utløysande tilhøvet finn vi i Napoleonskrigen som nettopp var slutt. Tusenvis av unge, norske sjømenn – mange framleis meir gutar enn menn – blei i årevis fram til krigsavslutninga i 1814 sitjande i engelske fengsel under svært kummerlege forhold. Der var det ei einaste gruppe gudfryktige engelskmenn som viste dei medkjensle – kvekarane. Det gjorde inntrykk, og mange norske krigsfangar vende heim etter krigen som overtydde kvekarar.

Det gjekk dårleg i eit land med ei totalitær lovgiving som ikkje minst omfatta truslivet. Før dissenterloven blei vedteke av Stortinget i 1845, var det ikkje lov ikkje å vere medlem av den norske statskyrkja. Dette diktatet om tru gjaldt ikkje berre kvekarane, det var også noko haugianarane sleit med, og dei var det mange av.

Lars Larsen Geilane frå Stavanger var ein av dei heimkomne krigsfangane som hadde slutta seg til kvekarrørsla. Han innsåg at eit liv i vedvarande strid med styresmaktene blei for uuthaldeleg og stilte seg i spissen for ei gruppe som søkte etter utsikter for å komme vekk frå trakasseringa dei opplevde i Noreg. I England hadde han og fleire av venane hans lært seg engelsk, og dei visste at kvekarane, som stod sterkt i England, var endå meir talrike i det ganske nye amerikanske samfunnet.

Likevel – dei våga ikkje å bryte opp og reise utan sikrare kunnskap, og det var her «stifinnaren» med det klingande namnet Cleng Peerson kom inn i biletet. Han var ein fritalande, original tvilar og eventyrar som hadde vore mykje utanlands i tidlegare år. I lag med venen Knud Olson Eide drog han til Amerika – på oppdrag frå kvekarar og haugianarar i Ryfylke og Stavanger. Han var vekke i tre år, kom attende i 1824, og i 1825 – i byrjinga av juli – låg den ombygde Hardanger-jakta «Restauration» ved brygga i Stavanger, klar til avgang med eit 50-tals menneske om bord.

Ryktet om avgangen til «Restauration» spreidde seg raskt over store område på Sørvestlandet – no ville folk berre vite korleis det gjekk med denne pionergruppa, før dei sjølve ville sette etter.

Men så tok det tid, for vanskane utvandrarane møtte der dei kom, var langt større enn det Cleng Peerson hadde gitt von om på førehand. I mellomtida blei kunnskapen om Amerika langsamt bygd opp også andre stader i Noreg. I 1832 utvandra til dømes Johannes Nordbu frå Gudbrandsdalen på eiga hand med familien sin.

Knud Slogvik i 1836

I den utvandringa som snart skulle bli utløyst, kom grunngivinga om tru i bakgrunnen. Det var i første rekkje utsiktene til ei god framtid for både utvandrarane sjølve og deira nye generasjonar som avgjorde valet. Folkehelsa hadde lenge vore i betring, og det var stadig færre fråfall i barneflokkane gjennom oppveksten. Det førde til eit aukande problem i bygder med reglane om odel- og åsetesrett som grunnleggande føresetnad. Garden og slekta hadde førerang som gjekk ut over det einskilde menneske.

Så lenge den første gruppa frå «Restauration» hadde det vanskeleg, var det berre nokre svært få som tok sjansen på å følgje etter. Men i 1833−1834 fann dei nytt land mykje lenger inne på prærien, og her var vilkåra langt betre. Rykta om funnet nådde raskt heim til Sørvestlandet, og dermed kom reaksjonen. Det vil seie – ein av deltakarane i pionergruppa, Knud Slogvik, hadde lova kjærasten i Tysvær, Anna Hetletveit, å komme heim og gifte seg med henne, og så skulle dei reise i lag attende og byrje livet i Amerika.

Det var då Knud kom attende til Tysvær i 1835 at noko verkeleg byrja å hende. Rykta om den heimkomne spreidde seg over store område, innover i Ryfylke, nordover til Sunnhordland og til og med Hardanger. Gjennom vinteren som følgde, kom folk vandrande både fem og ti mil, nokon kanskje endå lenger. Dei ville sjølv møte Knud Slogvik og gjere seg viss på fakta. Og då dei nygifte Knud og Anna reiste til Amerika sommaren etter, i 1836, var det plutseleg mange som ville følgje med. Først fylte dei ei skute, så ei til. Til saman 165 menneske, i hovudsak frå Ryfylke, blei med Knud til Amerika for å skape framtida si der.

Dermed var den norske Amerika-utvandringa for alvor komme i gang.

Proviantliste for 10 veker, utgitt av det norske Udvandringsselskap i 1870-åra. Mat, drikke og husgeråd for overfarta måtte familien sjølv ta med seg. Skipet stod for brensel, medisin og belysning.

Denne sommaren i 1836 kom det også vandrande eit brødrepar over fjellet frå Numedal – Ole og Ansten Nattestad. Dei var, som mange andre, på desperat jakt etter å tene til livsopphald. Dei hadde vakse opp på ein solid gard, men åseteretten gav dei ingen sjansar til å nyte godt av det som vaksne, og laugsvesenet stod i vegen for eit yrkesliv som handverkarar. No ville dei kjøpe bufe og drive det over fjellet, så dei kunne selje dyra med forteneste til bønder på Austlandet.

Då Ole og Ansten kom til Tysvær, hadde Knud Slogvik nett reist til Amerika med to fulle skuter. Sjølv visste dei ingenting om Amerika frå før, men no enda dei opp med å dra tilbake over fjellet utan noko bufe, men med ny kunnskap om framtidsmoglegheiter for seg sjølve. Vegen attende gjekk ned i Vestfjorddalen og bygdene i Tinn. Vegfarande vekte alltid oppsikt i bygdene, sidan det var sannsynleg at dei hadde noko å fortelje – og folket i Tinn fekk høyre om den nye Amerika-kunnskapen deira.

Det er ingen grunn til å tru at tinndølane visste noko meir frå før om Amerika enn numedølane, men det som skjedde no, fortel sitt om det trykket som var i ferd med å bli eit overtrykk på den norske landsbygda. Dette var i november 1836, og 17. mai 1837 stod det 59 tinndølar ved Tinnsjøen, ferdig pakka for å reise til Amerika, utan å vite særleg mykje meir enn det Nattestad-brørne hadde hatt å fortelje. Ferda deira gjekk om Gøteborg. Brørne frå Numedal drog sjølv på nytt over fjellet til Stavanger for å komme med den einaste Amerika-skuta frå byen det året, men dei nådde ikkje fram i tide og måtte reise om Gøteborg, dei òg.

«Det beste land i vesten for kornavl og fedrift.»

I denne brosjyren reklamerer B&M Railroad for 800 000 akers av Nebraska-land: «Det beste land i vesten for kornavl og fedrift. Den lengste betalingstid, de laveste rente og de bedste konditioner der tilbydes av noget company,» lovar reklamen. Til høgre ser vi ein nybyggarheim.

Frå denne byrjande straumen av menneske, spreidde ideen om utvandring seg nordover på Vestlandet via Voss og vidare til Sogn. Men det sterkaste trykket skulle danne seg oppover i bygdelaga og dalføra i det indre av Austlandet – først Telemark, så Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen og Østerdalen. I denne tidlege fasen er dei fleste tilfella av utvandring knytt til pionerar frå ulike område og bygdelag; i fleire tilfelle reiste dei først over sjølv, så kom dei tilbake og fekk sambygdingar med seg til Amerika. Ansten Nattestad var den første, han kom attende og organiserte utvandrarskuter frå Drammen med passasjerar frå Tinn og Numedal i 1839. Mellom dei som følgde opp på same vis var i første omgang Knut Aslaksen Svalestuen i Øvre Telemark, Stephan Olsen Kubakke og Guul Guttormsen Ildjernstadhaugen i Hedalen og Valdres.

I denne første bolken snakkar vi om ein periode på om lag tretti år, frå midten av 1830-åra til midten av 1860-åra. Tala var enno ikkje veldig store, men dei steig jamt og trutt – og i stadig høgare takt. Dei tidlege gruppene visste lite om kva dei reiste til, og alt i alt var det nok dei som leid mest, nettopp fordi det var så mykje dei ikkje var førebudde på. Dei blei ofte snytte for pengar, fordi dei var godtruande og høyrde på folk som tilbaud gode råd. Av økonomiske grunnar valde også nokon seglingsruter som lett kunne ende i ei felle. I 1843 blei ei større gruppe med i hovudsak telemarkingar sitjande på land i den franske byen Le Havre heile sommaren igjennom, fordi den seglinga dei hadde fått lovnad om vidare, ikkje blei oppfylt. Andre blei segla over til Bremerhaven i Tyskland, men lenger kom dei ikkje – då dei ville gå om bord i skuta som skulle ta dei over havet, viste det seg at dei ikkje hadde nok pengar. Heime hadde dei selt det vesle dei hadde av eigendelar og hadde ingen ting å vende tilbake til.

Ein norsk nybyggarkoloni blei tidleg i 1840-åra etablert i nærleiken av Milwaukee, Wisconsin som eit eige haugianarprosjekt – den såkalla Muskego-kolonien. Heile prosjektet var finansiert av den framståande haugianaren Tollef Bache i Drammen, og sonen hans, Søren, blei send over for å styre prosjektet i retning av eit haugiansk idealsamfunn. Men heile eksperimentet var nær ved å velte grunna altfor stor tilflytting og problem med helse og lagring av mat. Men no var trongen til å forsøke på dette nye blitt så sterk og aukande at straumen ikkje lenger var til å stogge. Muskego-kolonien kom til krefter att, og utvandringa generelt auka jamt og trutt gjennom resten av 1840-åra og 1850-åra.

Men så – midt i 1860-åra oppstod det ein brå auke i utvandringstala, og grunnen til det var samansett. Dei første åra frå 1860 og framover var direkte katastrofeår i store delar av Noreg, med kalde somrar, tidleg frost og enorme regnskol over lengre periodar. Avlingane slo feil, og matforsyninga blei utilstrekkeleg. På same tid braut borgarkrigen ut i USA, og det bidrog mellombels til å bremse det som elles hadde enda med ein beinveges auke i utvandringstala. Det var berre ei utsetjing, for i Noreg heldt folk seg no orienterte om kva som gjekk føre seg i Amerika. Midt under krigen, i 1863, vedtok politikarane der den såkalla Homestead Act, ei bestemming som tilbaud gratis jord til alle som fann ho sjølv i såkalla «ledige» område. Mot ei uvesentleg avgift og løfte om å bu og bygge på eigedomen i minst fem år kunne dei på den måten skaffe seg 640 mål med eiga jord – etter norske tilhøve var det ein formidabel jordbrukseigedom.

I 1865 var krigen over i USA, og i 1866 kom reaksjonen i Noreg. For første gong blei talet på norske utvandrarar til Amerika femsifra. Og no kom nordmenn frå nye område med i straumen av folk som søkte lukka på andre sida av Atlanterhavet – i første omgang Trøndelags-bygdene, og derifrå breidde ønsket om utvandring seg vidare nordover til Helgeland. Straumen av utvandrarar frå bygdelag og fjordstrok i det meste av landet vaks enormt.

Utvandringa frå område av Nordvestlandet fekk framleis ikkje den krafta som bygde seg opp i det meste av Noreg elles, og det er ingen som har kunna gi noka uttømmande forklaring på kvifor. Det kan skuldast at det ikkje var nokon der som stod fram og leia an, slik det var i andre delar av landet. Kan hende hadde det også med innstilling og gemytt å gjere. Dette er eit område der folket er kjende for å vere særskilt nøysame og energiske. Spora av forkynninga til Hans Nielsen Hauge har alltid vore endå sterkare her enn elles i Noreg, og Hauge lærte tilhengjarane sine å vere arbeidsame, sjølvstendige, uthaldande og tolmodige.

Men folkeauken og samfunnstilhøva utvikla seg på same vis der som i resten av landet, og moglegheita som opna seg i Amerika, verka inn på tolmodet med dei rådande klasseskilja. Men oppbrota kunne sitje langt inne. Dei som hadde eit lite gardsbruk, hadde lært seg til at det var deira tryggleik i tilværet og ikkje noko ein gav ifrå seg frivillig. Eit langt og tillitsfylt forhold til ein storbonde i nærleiken var heller ikkje noko ein skusla vekk i ein lettsindig augneblink. I mange bygder oppstod det vondt blod mellom dei som braut med det gamle og drog til Amerika, og dei som heldt lojalt fast ved tradisjonar og oppgåver i det samfunnet dei hadde vakse opp i. Håpet om ei betre framtid for ein sjølv og eigen familie fekk overvekt for nokon, mens plikta – og ærekjensla – heldt andre tilbake, fast i det slektsbundne.

Faktisk er det slik at året 1874, når handlinga byrjar i Edvard Hoem si forteljing, representerte eit førebels fall i utvandringstala på nasjonal basis – då reiste det mindre enn halvparten så mange nordmenn ut som berre året i førevegen. Årsaka til slike svingingar hadde som regel med konjunkturar å gjere på den eine sida og rykte på den andre sida. Akkurat no hadde den førebelse nedgangen også med endringar i Atlanterhavsfarta å gjere, der dei norske seglskutene mista så godt som heile sin «marknad» i løpet av fem år frå 1870. Då tala tok seg opp att fram mot 1880, kryssa alle norske utvandrarar Atlanterhavet med dampskip som høyrde til utanlandske reiarlag.

Det var ikkje noko lett hjarte dei fleste utvandrarane forlot landet sitt med. Utvandraren P. C. Brevig frå Foldereid i Nord-Trøndelag sette i memoarane sine ord på dilemmaet då familien braut opp og utvandra via Trondheim i 1867:

Det var ikke ved Foragt for vort Fedreland, hvor vi har nydt saa meget godt. Skjønt fattig, ja saa fattig, at jeg erindrer som Barn, at vi hang i Klederne paa Mor og graad for Mad, og hun graad selv, for hun havde ikke Mad at give oss.

Ein husmann frå Gudbrandsdalen følgde opp i bladet Husmanden 15. juni 1884. Innleiingsvis forsikrar han at fedrelandskjærleiken var like stor hos husmenn som i andre samfunnsklassar – det var tungt å forlate familie og kjære. Han parerte samstundes velkjende skuldingar om likesæle frå motstandarar av utvandring. Dessutan gav han ei førstehandsskildring av tilhøva for husmennene, slik dei var opplevd i siste halvdel av 1800-talet.

De væsentligste Aarsager, hvorfor vi reiser, er følgende: Hvor hen vi vender os her i Landet, saa møder os en, som det synest, ugjennemtrængelig Sky. Vi kan ikke finne Veie hvorved vi kan undgaa at maatte vandre gjennem «Armodens Dal», om vi skal blive her. Haab om at vinde Sælvstændighed hjemme i Norge har vi saare lidet af. Vi ser os for Fremtiden bestandig sidesatte og trykkede af de høiere Samfunnsklasser. Det store Strandskille hviler paa os som en tung Byrde, der udmatter og saarer, ja krænker vor smule Æresfølelse. Denne Byrde synes os umulig at blive kvit paa anden Maade end ved at reise bort til det Land, der tilbyder sine Samfundslemmer baade Frihed og Lighed.

Foto: Norsk utvandrermuseums fotosamling
Til nynorsk ved: Inger Johanne Sæterbakk