
Sigrid Undset iført kåpa ho kjøpte i samband med reisa til Stockholm for å motta Nobelprisen i litteratur. Foto: Alvilde Torp, 1928. Eigar: Nasjonalbiblioteket.
- Undset ferdigstilte verket om Kristin Lavransdotter for akkurat 100 år sidan i år.
- Undset er den einaste norske kvinna som har fått Nobels litteraturpris (1928).
- Det er 140 år sidan ho blei fødd.
- Undset sjølv valde den brennande kjærleiken og stakk til Roma for å gifte seg med kunstmålaren Anders Svarstad. Da var ho alt gravid.
- Undset konverterte til katolisismen og tok namnet Søster Olave.
- Undset åtvara tidleg mot nazismen og klandra Hamsun for hans synspunkt.
- Undset måtte flykte frå landet under krigen, først til Sverige og seinare til USA.
- Kristin Lavransdotter var ein internasjonal bestseljar med store leseskarar i USA og Tyskland allereie da bøkene kom ut. Undset var rett og slett verdsberømt!
- Forsøk dem ikke mer på historiske romaner, det kan De ikke, sa visstnok avslagsbrevet Undset fekk da ho sende inn sitt første litterære forsøk til eit dansk forlag i 1905.
- Undset vigde mykje av livet til å hjelpe andre. Pengepremien ho fekk for Nobelprisen skjenkte ho til veldedige føremål, det meste til familiar med barn som hadde funksjonsnedsetjingar.