Arrangement og selskap

Bli kjent med ein ny arena og få idear og inspirasjon!

Det Norske Teatret ønskjer velkommen til flotte lokale, midt i Oslo sentrum. Med store foajéområde er huset godt eigna for alle typar arrangement, som til dømes kick-off, konferanse, julebord, sommarfest, mottaking, VIP-middag, jubileum, teaterkveld, frukostmøte, prisutdeling og pressekonferanse.

Berre fantasien set grenser for korleis ditt arrangement skal sjå ut!

Ta kontakt for eit møte eller eit tilbod!
Kirsti Ervik: tlf. 22 47 38 20 / kirsti.ervik(@)detnorsketeatret.no

Løve restaurant & bar

Løve Restaurant & Bar leverer god mat og drikke til alle arrangementa våre.

Løve restaurant & bar

Sceneromma våre

Vi har tre flotte scenar med kapasitet på 120, 220 og 740 plassar, i tillegg til scenerommet Bikuben med 120 plassar. Desse kan ein leige når det ikkje er prøvar eller framsyningar.

Ditt arrangement

Ta med kundane dine eller kollegaer i teateret. Kjøper de ein heil sal med 120, 220 eller 740 plassar får de ekstra gode rabattar og vi kan til dømes arrangere møte med skodespelarane før eller etter framsyninga.

Lær av oss

Få nye idear, glede og inspirasjon på Det Norske Teatret. Kompetanseoverføring frå teater til næringsliv er spennande. Lær til dømes skodespelarteknikkar når det gjeld motivasjon, kreativitet, kommunikasjon og samarbeid frå våre eigne aktuelle skodespelarar.

Huset vårt

Er du nysgjerrig på korleis eit av Noregs største og mest moderne teaterhus ser ut frå innsida? Kombiner besøket ditt med ei inspirerande omvising i det 27.000 m2 store teaterhuset vårt.

Bli partnar

Det Norske Teatret inviterer næringslivet til å vere med på den spennande utviklinga av det store huset vårt, til felles glede og nytte. Med bakgrunn i den nynorske tradisjonen, skal Det Norske Teatret skape nye uttrykk, bruke ny teknologi, få fram nye skapande røyster og møte nye generasjonar i teatersalen.