Velkommen til ein berekraftig møteplass til deg som arrangør

Transport

Vi ønsker at alle arrangørar og kurs-, møte- og konferansedeltakarar som besøker Det Norske Teatret skal nytte kollektivtransport. Teateret ligg i Oslo sentrum, med 3 minuttars gonge til trikk og 5 minuttars gonge til Stortinget t-banestasjon og Nasjonalteateret tog- og t-banestasjon.

Det er sykkelparkering ved hovudinngangen og By-sykkel like ved.

Informasjon og gåveartiklar

Invitasjonar og informasjon om ditt kurs, møte eller konferansen bør sendast ut elektronisk.

Det Norske Teatret legg til rette for å ha digitale skjermar som de som leigetakar/ arrangør kan nytte under arrangementet.

Det Norske Teatret ønsker at de i minst mogleg grad, skal delast ut brosjyrar, flyers og gåveartiklar. Som gåvetips til innleiarar- og bidragsytarar anbefaler vi teaterbillettar eller honning frå teateret sine bikubar på taket.

Dekor og pynt

Det skal ikkje praktiserast frislepp av ballongar, plastbasert konfetti og glitter, eller andre effektmateriale som kan bidra til forsøpling. Gjenbruk av eigne roll-ups, beach-flagg og presseveggar er å anbefale.

Det Norske Teatret sine fasadeflagg blir til dømes sydd om til vesker når dei ikkje lenger er i bruk.

Mat & drikke

Løve Restaurant og Bar serverer sesongbasert og kortreist mat og tilbyr alltid alternativ utan kjøt.

Bruken av eingongsprodukt er minimal og restauranten held matsvinnet til eit minimum.

Det er kjeldesortering lett tilgjengeleg i foajeen vår.