OBOS Billettfond for skole

Det Norske Teatret og OBOS samarbeider om å gi barn og unge teateropplevingar - heilt gratis!

I år kan skolar og klassar i Oslo søke om billettar til Pippi på sirkus på Det Norske Teatret.

Tid: 20. april 2027 kl. 12:00
Varigheit: 1 time og 30 minutt
Passar for: 2.–6. trinn
Søknadsfrist: 1. oktober 2026

OBOS og Det Norske Teatret har i fleire år samarbeida om eit billettfond for skole. Her frå framsyninga Charlie og sjokoladefabrikken.

Samarbeid med OBOS

Det Norske Teatret og OBOS har sidan 2017 samarbeidd om å gi barn og unge sjansen til å oppleve scenekunst utan at det skal koste noko for elevane.

Del av OBOS gir tilbake
OBOS støttar fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid. OBOS har også som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge. Det Norske Teatret vil vere med på å gje barn og unge gode kulturopplevingar og eit møte med nynorsken. Med OBOS Billettfond for skolar ønskjer teateret at flest mogleg skal få oppleve kunst og kultur.