Haugtussa

  • Scene : SCENE 3
  • Varigheit : 1 TIME (IKKJE PAUSE)
  • Pris frå: 215 ,-

Inspirert av mørkret frå rockescenen

Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig har gjort Arne Garborgs nasjonalepos om til ei eksplosiv og suggererande framsyning som har hausta glitrande kritikkar.

Haugtussa var eigentleg tenkt til å bli vist nokre få gonger på Scene 3, men no har stykket gått for fulle hus i tre år, vore på turné og spelt over 70 gonger.

Intenst og lyrisk om kjærleik og lengt

Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Miljeteig. Saman har dei laga eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen.

Haugtussa er eit eventyr for vaksne

Haugtussa tar for seg det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Det handlar om gjetarjenta Veslemøy, som ein grytidleg morgon bli oppsøkt av den avdøde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg – for ho er synsk, dømd til å sjå det andre ikkje ser.

Heller vil eg med augo sjå
enn blind og dauv gjennom verda gå
og ikkje det sanne skilja

Fascinerande og lokkande

Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur. Veslemøy har fascinert kunstnarar i over hundre år. Mellom tidlegare kunstnarar som har late seg inspirere er Edvard Grieg, Håkon Bleken og Ketil Bjørnstad. I løpet av framsyninga møter Veslemøy daudingar og underjordiske, vonde krefter både i og utanfor seg sjølv. Og ho møter kjærleiken for første gong – og den store smerta. Men i berget lokkar Bergekongen, som lovar henne alt godt…

Alder:
Vi tilrår framsyninga frå 13 år.