EDDA

Dei norrøne gudane har noko viktig å seie oss: Fimbulvinteren skal komme.

Vinnar av Hedda-prisen for Særlig kunstnerisk innsats og Beste scenografi/kostyme. Nye framsyningar kjem i 2018!

Dei norrøne æsenes konge, Odin, er ikkje lenger den han eingong var. Mange teikn fortel gudane at slutten nærmar seg.

Odin skal leie gudane i den avgjerande kampen mot fienden jotnane. Men han er gamal og trøytt, og har gløymt så mykje. For i den norrøne mytologien er ikkje Allfader skaparen av universet, han er sjølv skapt – ein del av skaparverket. Og han er på alle måtar menneskeleg og sårbar.

Stjerneregissør

Robert Wilson blir rekna mellom dei store teateravantgardistane i etterkrigstida, og skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre noregsbesøk. No har han sett sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange – vår eigne norrøne mytologi.

Edda er ei framsyning basert på utdrag frå Jon Fosses gjendikting av Den eldre Edda – dei norrøne gudedikta som blei skrivne ned på Island på 1200-talet – men i Robert Wilsons hender blir det storslagne tablå, ekstravagante kostyme, outrert sminke og musikk som står i første rekke. Dette er teater som dyrkar teatrets eigenart til fulle.

STORSLAGNE SCENEBILDE

Indie-bandet CocoRosie, som eksperimenterer i krysninga mellom kunst, musikk og performance, har spesialkomponert musikk og fleire songar til framsyninga. I kontrast til dette har Wilson også med musikk frå samtidskomponisten Arvo Pärt, kjend for eit meir minimalistisk lydbilde. Kostyma er laga av lær, paljettar, pytonslangar, krokodilleskinn og skum. Scenografien førestiller alt frå Gokstadskipet til vulkanar, Yggdrasil og isfjell. Og vi får møte Fenrisulven og Midgardsormen i tillegg til fleire av dei kjende – eller kanskje gløymde – æsene. Wilson er kjent for sine stiliserte og konsentrerte sceniske allkunstverk der lys, scenebilde og musikk går opp i ei høgare eining. Han arbeider nesten skulpturelt med skodespelarane og plasserer dei inn i bilde der detaljane er like avgjerande som det store scenebildet. Referansane i oppsetjinga er mange, og Det Norske Teatret er stolt over å kunne invitere til ei teateroppleving av dei sjeldne.

EDDA I TEATERPODDEN

Korleis går ein fram når ein skal gjere dei norrøne gudane til «homoerotiske glamrockere»? Høyr sjefen for maskeavdelinga og kostymeansvarleg for Edda fortelje om korleis det er å visualisere verket til ein av notidas største teaterregissører!

LESING: EDDA – I FULLVERSJON

25. og 26. april kl. 20.30 på Scene 3
Vi les heile Jon Fosses versjon av Edda. Les meir her.

INNSIKT: JON GUNNAR JØRGENSEN INTRODUSERER EDDA

I BIKUBEN: 7. og 14. mars kl. 19.15, 1. april kl. 17.15, 4. april kl. 19.15 og 30. april kl. 17.15

Jon Gunnar Jørgensen er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. Han har arbeida spesielt med kongesagaene, men også med annan sagalitteratur. Han er redaktør for fagtidsskriftet Maal og Minne. Jørgensen har omsett moderne litteratur frå islandsk og var hovudkonsulent for Knut Ødegårds nye omsetting av Den eldre Edda som kom i 2013-16. Framsyninga Edda tek oss inn i den norrøne mytiske verda. Korleis var dette verdsbiletet? Introduksjonane er gratis og du treng ikkje billett.

Du kan også høyre introduksjonen i Teaterpodden:

INNSIKT: MARIT JERSTAD INTRODUSERER EDDA

I BIKUBEN: 8. mars kl. 19.15, 19. mars kl. 17.15, 2. april kl. 17.15, 19. og 27. april kl. 19.15.

Marit Jerstad er blant Noregs fremste forteljarar, og har sidan tidleg 70-tal arbeida med studiar og formidling av norrøn mytologi. Ho har i ei årrekkje vore lærar i forteljarkunst på Høgskolen i Oslo og Akershus. Jerstad har opptredd på festivalar både i inn- og utland, og har hatt ein serie om norrøn nytologi på NRK. Introduksjonane er gratis og du treng ikkje billett.

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER

Edda er eit samarbeid med Unlimited Performing Arts og blir samprodusert med Aarhus Teater. Framsyninga gjestar Århus hausten 2017 i samband med at Aarhus er europeisk kulturhovedstad i 2017.

Aasrhus-logoar