Ytring

Vi er rebellar!

REBELL - Det Norske Teatrets scene- og teaterklubb for barn og ungdom mellom 11-14 år - er godt i gang på Lindeberg Klubben, The Raven Romsås og på Rommen Scene. No er vi glade for å kunne vidareføre tilbodet i 2024!

Skrive av
Belinda Braza og Rahel Martha Beraki
Belinda Braza og Rahel Martha Beraki
Kunstnarleg leiar, Det Norske Teatret i Groruddalen og produksjonskoordinator, Det Norske Teatret i Groruddalen

REBELL er eit prosjekt motivert av kunstnarleg hunger. Å finne morgondagens kunstnarar, skodespelarar, teknikarar, dramaturgar, koreografar, kostymedesignarar eller teatersjefar, for den saks skuld, krev tid. Ikkje minst krev det ein strategi som gjer at vi som teater er synleg og relevant i store delar av folks liv.

Målet med REBELL er å inspirere og engasjere unge til å sjå kva moglegheiter som eksisterer i teateret, både som kreativ kraft og arena for å utfalde seg, men også som arbeidsplass. Hovudfokuset vårt er aktiv medverknad, samskaping og auka deltaking. REBELL er eit viktig verkty i førstehandsrekrutteringa av både nye publikumarar og nye kunstnarar, der vi sikrar at fleire unge får eit godt møte med teateret og nynorsk som scenespråk. Aktivitetane går føre seg ein gong i veka, der dei unge får prøve alt frå skodespel, dans til tekst og kunst. Vi tilbyr også verkstader i lys og lyd med dyktige tilsette ved Det Norske Teatret i Groruddalen. REBELL-kveldane går føre seg på dei ulike fritidsklubbane, og deretter samlast alle på Rommen Scene for ei felles vising.

Fordi REBELL handlar om å både delta og oppleve, sørger vi sjølvsagt for å invitere dei unge som deltek til å oppleve framsyningane til Det Norske Teatret, slik at dei får så god kjennskap til teateret som mogleg. Vi engasjerer også pedagogar med varierte og mangfaldige kompetanseområde, som er med på å løfte og synleggjere dei ulike sidene av teateret. Fordi Det Norske Teatret i Groruddalen med REBELL samarbeidar med ulike lokale instansar i bydelane, er vi synlege på eit stort nedslagsfelt, og får høve til å styrke nettverk og bygge relasjonar i eit stort område. REBELL har ringverknader som strekker seg på tvers i Groruddalen.

Motivert av kunstnarleg hunger

REBELL er først og fremst motivert av eit ønske om kunstnarleg utvikling gjennom auka mangfald. Det er eit prosjekt som sørger for at mange barn og unge får eit godt første møte med teateret - og med nynorsk som scenespråk. Det skapar tryggleik og kreativitet gjennom utfalding, deltaking og leik. Det er eit tilbod som gjer at mange barn og unge får utforske uttrykk og tilbod som elles kanskje ikkje er tilgjengeleg for dei.

Samarbeid med lokale instansar som fritidsklubbar gjer at vi får etablert oss ein stad der dei unge allereie oppheld seg. Det skapar ein trygg base, og nettverket som fritidsklubbane allereie har, bidreg stort til synleggjering og rekruttering.

Det Norske Teatret har ei betre forståing av verdien av det fleirstemmige som ei felles kraft enn andre teater. Det ligg i DNA-et vårt. Å gjere opprør og å skape seg plass, gjennom å femne om det fleirstemmige, er ein grunnverdi som dette prosjektet er fundamentert på.

VI er REBELLAR!

Nye datoar for dei kreative verkstadene REBELL i vårsemesteret 2024 er klare no!

Barn og ungdom hausten 2023 blei møtt av dyktige pedagogar som

Fabian Svegaard Tapia, dansar og skodespelar
Arman Surizehi, Humorist/ komikar og skodespelar
Eshidoreen Paradiso, dansar
Hilde Bugge (kjend som Fru Bugge), kunstnar
Belinda Braza, koreograf/dansar/kunstnarisk leiar
Rahel Beraki, slampoet/prosjektkoordinator

Tidlegare har dei unge fått møte

Adela Cudjoe, skodespelar/slampoet
Magnus Emaka, dansar/koreograf
Beatur, DJ/beatboxer
Hina Zaidi, skodespelar/slampoet/boksetrenar
Markus Andreassen, dansar
Jae Nyambura, skodespelar/slampoet
Lars Undli, graffitikunstnar

Høyrt sagt av deltakarane

«Hæ? Kjem Arman til Lindeberg Klubben? Hit?»
«Åh, eg gler meg til å lage mitt eige kunstverk med Hilde»
«Eg er ikkje flink til å danse, men såg du at eg klarte det flippet på eiga hand?»