Akademi for Scenekunst tilbyr ei scenekunstutdanning som er heilt annleis enn dei andre scenekunstutdanningane vi har i dette landet, med høg grad av internasjonale pedagogar og studentkull. Mange av dei mest originale scenekunstnarane vi har er utdanna ved dette akademiet, som til dømes Lisa Lie, Mads Sjøgård Pettersen, Ida Grimsgaard, Kim Atle Hansen, Huy Le Vo og Signe Becker. Fleire av desse har også jobba ved Det Norske Teatret, og alle er viktige for utviklinga av scenekunsten.
Utdanninga fokuserer på kunstnarskap i vidare forstand, og har vore svært viktig for nyskaping i feltet, på tvers av fagområda. Utdanninga er óg den einaste i landet som tilbyr scenografiutdanning på BA og MA-nivå. Vi fryktar at norsk teater utan Akademi for Scenekunst vil bli mindre mangfoldig og langt mindre variert!
Foto: Norsk Skuespillerforbund Instagram