Ytring

Rekordmange Hedda­nominasjonar til 
Det Norske Teatret og sterk haust i vente

For å feire dette lettar vi på sløret med kva titlar publikum kan glede seg til i haust.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Heile 12 nominasjonar til Heddaprisen er eit sterkt signal om at Det Norske Teatret har presentert relevant og godt teater i året som gjekk. Mange av våre scenekunstnarar har utmerkt seg både på og rundt scenen med solide prestasjonar, noko dette er eit synleg bevis for. Det kjennest ekstra godt å få denne anerkjenninga etter ein sesong som på alle vis har vore annleis. No kan vi endeleg både glede oss over det som faktisk skjedde av kunstnarleg verdi, samstundes som vi kan løfte blikket framover og sjå inn i ein haust som teiknar til å bli viktig, variert og verdifull.

Raskolnikov med Preben Hodneland i tittelrolla og med Kjersti Horn på regi peikar seg ut med heile 6 nominasjonar, men også storsatsinga Trilogien av Jon Fosse får fleire og tunge nominasjonar. Villanda i ei omarbeidd utgåve blir lagt merke til, og det er stor begeistring over at denne er nominert i kategorien for Beste framsyning for ungdom.

Dette fortel nok ein gong om høg kvalitet i alle ledd og i alle faggrupper. Neste sesong vil bli like variert og spennande, og sjølv om ikkje alt er klart for å leggast ut i sal - det er mange nye omsyn å ta for å tilpasse scene og sal til gjeldande smittereglar – lettar vi i dag på sløret og legg fram titlane i det kommande repertoaret. Nedst i artikkelen er det fulle oversynet over dei Hedda-nominerte.

Meir info om framsyningane og billettar i sal frå 12. juni.

Det Norske Teatret er nominert til Heddaprisen for:

Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle

Gjertrud Jynge i rolla som Ales i Trilogien av Jon Fosse, regi Luk Perceval – Det Norske Teatret

Beste mannlege skodespelar/hovudrolle

Preben Hodneland i rolla som Raskolnikov i Raskolnikov, basert på «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Beste mannlege skodespelar/medspelar

Emil Johnsen i Raskolnikov, basert på «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Frode Winther for rolla som Etterforskaren i Raskolnikov, basert på «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Beste regi

Kjersti Horn for Raskolnikov, basert på «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Luk Perceval for Trilogien av Jon Fosse
– Det Norske Teatret

Årets framsyning

Raskolnikov basert på «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij, regi: Kjersti Horn
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

Trilogien
av Jon Fosse, regi: Luk Perceval
– Det Norske Teatret

Beste framsyning for ungdom

Villanda av Henrik Ibsen, regi: Lars Erik Holter
– Det Norske Teatret

Beste scenetekst

Lars Erik Holter, Ingrid Weme Nilsen og ensemblet for omarbeiding av Villanda av Henrik Ibsen
– Det Norske Teatret

Beste scenografi/kostymedesign

Annette Kurz for scenografi og Ilse Van den Busche for kostymedesign til Trilogien av Jon Fosse, regi: Luk Perceval
– Det Norske Teatret

Beste audiovisuelle design

Sven Haraldsson og Mads Sjøgård Pettersen for videokonsept og Erik Hedin for lyddesign til Raskolnikov basert på «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij
– Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret