Ytring

Nynorsken fortente å få ein Nobelpris!

Overskrifta er direkte sitat frå Jon Fosse, som takka nettopp nynorsken da NRK fekk fatt i han på kaia i Frekhaug. Den blodferske Nobelprisvinnaren var både glad, fortumla og stolt over kunngjeringa. Og var tydeleg nøgd med at han var langt unna all viraken i hovudstaden. Godt plassert ved ein fjord på Vestlandet.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Her på Det Norske Teatret, nokre steinkast frå bustaden hans Grotten i Slottsparken, har derimot bølgjene gått høge. Det er under ein månad sidan vi avrunda den tredje internasjonale Fossefestivalen – ei feiring av vår største nolevande dramatikar. Her tar vi sikte på å løfte fram ikkje berre bidraga hans til teateret, men også bidraga hans til litteraturen her i landet og internasjonalt. Det var unison jubel da tildelinga blei kjent, og vi har sjølvsagt heist flagget på ein historisk dag som denne. Vår førre Nobelprisvinnar, Sigrid Undset, har også stått på repertoaret vårt i år. Det er 95 år sidan ho, og altså den siste norske forfattaren, blei denne æra til del. Jon Fosses litteratur får med dette eit løft, ikkje berre her heime, men ute i verda. Denne prisen er den mest prestisjefylte litteraturprisen som finst.

Gratulantane står i kø og her på kontoret har telefonane runne inn frå The New York Times, Dagens Nyheter, Svensk Radio, Aftenposten, NRK, NTB – ja – heile det norske pressekorpset har vore på tråden. Det er fantastisk at Fosses namn kjem heilt øvst på nyheitsfronten. Det er så fortent etter eit langt forfattarskap som har gitt litteraturen og dramatikken så mykje.

– Eg er ikkje så glad i merksemd rundt meg som person, men eg er glad i merksemd rundt det eg har skrive, seier Jon Fosse sjølv om sin eigen posisjon.
At han i tillegg er så raus at han understrekar at han ser prisutdelinga som ein pris til nynorsken, blir vi ekstra glade for å høyre.
– No har nynorsken ein Nobelpris å visa fram, sa Jon Fosse frå kaia på Frekhaug.

Og no har vi ein Nobelprisvinnar å vise fram. Og det har vi gjort, fordi Fosses karakterar har gitt slik gjenklang i oss. Fram til i dag har han skrive eit trettitals skodespel, meir enn eitt i året. I år var det urpremiere på det siste stykket hans I svarte skogen inne, eit stykke som spelte si siste framsyning i førre veke på Scene 3.

Og Oresteia i Jon Fosses gjendikting får si siste førebelse framsyning på Hovudscenen laurdag 7. oktober. Her er det berre å komme seg av garde!

Gratulerer til Jon, til nynorsken og til alle oss som har venta på denne Nobelprisen!

Ytringa er publisert 5. oktober 2023.
Toppfoto: Tom A. Kolstad