Ytring

Kulturlivet spreier glede – ikkje smitte!

I nesten alle land i Europa aukar smitten no. Også i Noreg er helsestyresmaktene bekymra. Førebels er ikkje situasjonen dramatisk, sjølv om også smitten er aukande her heime. Det kan godt vere at vi no ser byrjinga på ei sterk andre bølge og vi må nok innstille oss på at samfunnet vil måtte ha strenge restriksjonar ei tid.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Måndag varslar Raymond Johansen nye tiltak for Oslo kommune, seinare i veka kjem det strengare nasjonale tiltak. Vi må stanse smittespreiinga, men vi må ikkje stanse heilt opp. Vi må nemleg samtidig halde fram med å spreie glede. Vi må sjølvsagt halde avstand, men utan at vi kan oppleve noko saman, er vi berre einsame individ. Føre oss ligg den mørke og kalde årstida, og vinteren kan i år verke enda meir grå og trist no som restriksjonane for samvær er som dei er. Kunst- og kulturopplevingar er lyspunkt under den lange årstida. Det Norske Teatret har utselde hus ut året. Det hadde vi i fjor, og det har vi i år. Det er berre at i år er det så få som får ta del i teaterfellesskapen. Teaterbesøk og liknande kulturarrangement i profesjonelle omgjevnader er trygge og viktige for fellesskap og glede. Koronapandemien har til fulle vist kor god arrangørkompetanse det er i norsk kulturliv. Å ta i mot og handtere publikum trygt er noko vi har årelang erfaring med. Smitten aukar i samfunnet, men det er knapt smitte å spore på arrangement som kulturfeltet legg til rette for. Tvert om, med gode rutinar for smittevern og med avstand og tryggleik i sentrum, vil vi meine at det også er forsvarleg å auke tilbodet i institusjonar som kan legge til rette for forsvarleg drift, sjølv om talet på smitta skulle halde fram med å stige. Arrangementa ligg dessutan i tidsrom utanfor rushet og vil ikkje føre til auka belastning på kollektivtransporten.

Noreg har den lågaste smitten i Norden, men vi har dei strengaste tiltaka for forsamlingar. I Danmark og Finland ligg talet på 500, i Sverige på 300. Helsestyresmaktene har heilt sikkert befolkningas beste i tankane der også. I Danmark innførte regjeringa strengare tiltak fredag kveld, og desse vil vare fram til 2. januar. Der er kulturminister Joy Mogensen klar når ho seier følgande: Det er vigtigt for regeringen, at vi fortsat bruger så meget af vores kulturliv, som overhovedet muligt. At vi anerkender, at vi både er krop og sind, og at det er vigtige fællesskaber, der er livsvigtige for en nation. Talet i innandørsforsamlingar blir ikkje rørt ved og ligg framleis på 500.

Midt oppi alt det vanskelege – det hadde vore deilig med litt dansk forståing av kultur og fellesskap i Noreg òg. La oss håpe at politikarane våre lyttar til naboane våre før dei landar nye tiltak. Er det mogleg å styrke tiltak, arbeide meir målretta mot miljø og situasjonar der smitten breier seg, samstundes som ein opnar for større forsamlingar i kontrollerte soner? Dersom det er slik at befolkninga glepp på smittevern, at ein trøytnar på krav og restriksjonar, kan ein motivere til auka innsats ved å lempe på andre område? Helsedirektør Guldvog og kulturminister Raja signaliserte tidlegare i haust vilje til å legge til rette for dette ved innandørsarrangement. Det Norske Teatret kan fint handsame fleire publikummarar med all den tilrettelegginga som er naudsynt for å tilfredsstille smittevernkrava. Vi trur at eit slikt signal, at det er trygt og forsvarleg å oppsøke kunst og kultur, kan medverke til at lojaliteten til andre tiltak vil kunne bli styrka. Dette er potensielt eit vinn-vinn-tiltak. Fleire får ta del i fellesskapen, og det er kanskje tryggare å samle folk på arrangement som er tilrettelagt for godt smittevern enn å skyve dei over til å samlast i private heimar.

Kan vi få tilliten til å gjere vinteren lettare for fleire? No er alle teaterplassane i 2020 utselde, men om vi får lov, så vil vi gjerne bidra til å spreie glede til fleire i ei tid der ein meir enn noko treng trygge lyspunkt.

24.10.2020