Ytring

Er det lov å kjenne seg litt stolt?

Det er ikkje ofte vi bryt ut i sjølvskryt, og det har vi ikkje tenkt å gjere denne gongen heller.

Skrive av
Thine Sletbakk Bugge & Ida Michaelsen
Thine Sletbakk Bugge & Ida Michaelsen
Kommunikasjonsavdelinga

Men etter eit år der heile registeret av motgang har skylt over bransjen, var det ekstra kjekt å bli nominert til Musikkteaterprisen i Open kategori for nyvinninga Live-strøm av Bienes historie – eller direktestrøyming – som er namnet vi har gitt denne sjangeren.

Og nettopp at det er direkte – at det skjer der og da – er heile essensen i den nyvinninga og det omstillingsarbeidet pandemien tvinga fram da publikum blei forhindra frå å kome inn i salane våre. Vi ønskte å legge oss så tett som mogleg opp til den eigentlege opplevinga, at det du ser, det spelar seg ut på scenen i sanntid. Skodespelarane går på jobb til vanleg tid, dei varmar opp, går inn i karakteren, kjenner på nervøsiteten og må prestere føre publikum som om det sat eit fullsett amfi og pusta der saman med dei.

Og nettopp at det er direkte – at det skjer der og da

No veit vi alle at det ikkje er folk i salen, men det vi på Det Norske Teatret kanskje ikkje heilt var klar over, var at det er eit stort publikum der ute som er glade for denne nyvinninga. Eit publikum vi rett og slett ikkje kjente så godt! Vi har fått nye tilhengarar av teateret som tidlegare ikkje har kome til oss. Opptil 40 % av dei som loggar seg inn på nettsidene våre er nye brukarar. Det kan vere den geografiske avstanden som har hindra dei, det kan vere fysiske hinder, eller berre dørstokkmila som har sett grensa. Uansett, vi er så glade for responsen vi har sett, etter at dette tilbodet blei lansert med nettopp Bienes historie.

Basert på dei gode resultata, målt i publikumstal, inntekt og ikkje minst publikum sine tilbakemeldingar, håpar vi at direktestrøyming av teater kan gå inn som ein fast del i repertoaret på Det Norske Teatret. At vi kan sende direkte frå salen, samstundes som publikum er tilbake, er nemleg også med på å gjere dette til eit tilbod som er aktuelt å vidareføre etter pandemien. I føremålsparagrafen for DNT frå 1913 står det at ein skal "syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by".  Aldri tidlegare i historia har vel teateret klart å etterleve føremålsparagrafen like godt som i det året det var vanskelegast å spele i byen. Kanskje kan det i framtida vere mogleg å gjere det på ein og same kvelden.

Onsdag 28. april viser vi Tante Ulrikkes vei for andre gong som direktestrøymt teater. Dette var ei særs populær framsyning som kjapt var utseld på Rommen scene der ho fekk premiere hausten 2019 med planlagde framsyningar gjennom 2020. Turneen med Riksteatret skulle sørge for at heile landet fekk ta del i denne publikumssuksessen. Det er tydelegvis mange som har venta lenge, på første direktestrøyminga var talet på publikum over 3000. Langt fleire enn vi klarer å samle i nokon sal i teaterhuset vårt. Også neste framsyning er seld langt ut over setetalet på Rommen scene. Det blir jo aldri utseld! Vi er også glade for å kunne notere ei inntekt på drygt ein million kroner i eit år der vi så langt ikkje har hatt ein einaste publikummar inne i teaterhuset.

Det blir sagt at det er når du mister noko, at du verkeleg forstår kva det betyr.

For teateret er det publikum. Og det er ikkje berre snakk om eit filosofisk spørsmål: Om eit tre fell i skogen, og ingen høyrer det, lagar det da lyd? Det er heller ikkje berre eit spørsmål om økonomi og bortfall av eigeninntekter. For teateret er det snakk om eit vere eller ikkje vere. Teater kan berre oppstå i møtet mellom dei på scenen og dei i salen. Utan at det sit nokon der, så er det ikkje teater. Det har Det Norske Teatret – og mange andre scenekunstinstitusjonar i verda – fått erfare gjennom 2020. Det er derfor ekstra stas når arbeidet for at vi framleis kan «møtast» blir framheva. Vissa om at skodespelarane går på scenen til avtalt tid, at det framleis er noko som står på spel og det faktisk sit tusenvis av menneske rundt om i landet og ser på, gjer denne nyvinninga likevel til eit slags møte mellom scene og «sal».

Om Musikkteaterprisen 2020/21

Åpen kategori gis ut for første gang, og går til særlig kunstnerisk innsats og/eller utvikling av musikalsjangeren i året som har gått. De nominerte kan komme fra alle teaterets kunstneriske felt, som ikke passer inn under "årets musikal" eller "årets musikalartist".

Juryen, bestående av juryleder Renate Stridh/regissør/pedagog, og jurymedlem Hanne Hagerup/dramatiker, Tor Ingar Jakobsen/komponist, Merete Lingjærde/Dosent jazzdans KHIO, og Per Christian Selmer Andersen/anmelder og journalist, gir følgende begrunnelse for nominasjonen:

Live-strøm av Bienes historie, Det Norske Teatret 
Da koronapandemien stengte ned teater-Norge, var Det Norske Teatret tidlig ute med å tenke nytt. I september startet de med live-strømming av musikalen Bienes historie. Live- strømming er en sjanger som er utviklet på en rekke måter det siste året. Mens Det Nye Teateret har bygget et studio, satser Det Norske Teatret på å filme det som egentlig skulle foregå på scenen. Juryen har latt seg imponere over både den høye kvaliteten på strømmingen - og at teatret evner å tenke nytt når krisen rammer.