Regjeringas signal om å styrke kunsten får no varig verknad for Det Norske Teatret. I framlegget til statsbudsjett for 2025 føreslår Ap og Sp-regjeringa å løfte den faste løyvinga til Det Norske Teatret med 15 millionar kroner, utover den ordinære justeringa av rammetilskotet. Dette er ein kulturpolitisk siger med store ringverknader. Det skal løne seg å satse på kunst. Teateret er ein viktig forvaltar av språk, kultur og identitet. Og i krevjande tider skal vi insistere på kunsten og kulturen sin verdi.
Så vonar vi regjeringas markante satsing på Det Norske Teatret vil kunne spreie gode ringar i vatnet fleire stader.
Publisert 30. september 2024.
Kulturinstitusjonar må byggjast og takast vare på, ikkje leggjast ned!