Slik kjem du deg hit!

Det Norske Teatret ligg i Kristian IVs gate midt i Oslo Sentrum, parallellgata til Karl Johan, bak kjøpesenteret Paléet.

Dersom du bur i Oslo-området

Om du bur i nærme, er det aller beste å komme seg hit med tog, buss, bane, trikk, sykkel, eller gå. Næraste togstasjon er Nationaltheatret, evt. Jernbanetorget, og med bane er næraste stoppet Stortinget.

Dersom du bur utanbys

Bur du lenger unna, er også tog eit godt alternativ for mange, men bil er også mogleg, og her finn du oversyn over dei næraste parkeringshusa, som er OnePark Sentrum P-hus, Aimo Park Kristian Augustkvartalet, Edderkoppen P-hus OnePark, Slottsparken P-Hus Apcoa Parkin, Aimo Park Saga P-Hus.

Dersom du bur langt unna

Bur du enno lenger unna, er fortsatt ofte tog eit godt alternativ, men kanskje du også må ty til fly. Frå Gardermoen tek det 20 minutt å komme seg til Nationaltheatret, som er 5 minutt gange frå teateret.

Treng du overnatting?