BILLETTFOND FOR SKOLE

No kan du søke om fribillettar til klassa di i vårt nye billettfond.

Søknadsfristen for billettfondet hausten 2017 har no gått ut. Vi tek kontakt med klassar som blir trekt ut for å sjå Snøkvit. Følg med på denne sida når nye billettar blir tilgjengeleg i billettfondet. 

Det Norske Teatret med støtte av OBOS har oppretta eit billettfond for barne- og ungdomsskolar i Oslo. Fondet gir lærarar moglegheit til å søke om fribillettar til framsyningar på Det Norske Teatret. Hausten 2017 kan du søke om billettar til familiemusikalen SNØKVIT.

OBOS BILLETTFOND

OBOS GIR TILBAKE

OBOS støttar fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid. OBOS har også som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge – OBOS gir tilbake. Det Norske Teatret vil vere med på å gje barn i barne- og ungdomsskolen gode kulturopplevingar, eit møte med nynorsken og trening i sosiale omgang.

SNØKVIT – EIN POPMISIKAL FOR HEILE FAMILIEN

Hausten 2017 kan du søke om billettar til familemusikalen SNØKVIT. Du som lærar kan søke om inntil 40 fribillettar til di klasse. Anbefalt frå 6 år og oppover.

  • Framsyninga du kan søke billettar til speler onsdag 8. november kl. 11.30.
  • Søknadsfrist: 10. september
  • Det er avgrensa med billettar i fondet. Alle som blir tildelt billettar blir kontakta i etterkant av søknadsfristen.
  • Har du spørsmål? Send det inn til erlend.dreiaas@detnorsketeatret.no