I 2024 kunne skolar søke om billettar til Frost, Spynorsk. The Musical og Snøsøstera gjennom OBOS Billettfond. Framsyningar for 2025 og søknadsskjema vil bli lagt ut på denne sida.

OBOS og Det Norske Teatret har i fleire år samarbeida om eit billettfond for skole. Her frå framsyninga Charlie og sjokoladefabrikken.
Samarbeid med OBOS
Det Norske Teatret og OBOS har sidan 2017 samarbeidd om å gi barn og unge sjansen til å oppleve scenekunst utan at det skal koste noko for elevane.
Del av OBOS gir tilbake
OBOS støttar fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid. OBOS har også som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge. Det Norske Teatret vil vere med på å gje barn og unge gode kulturopplevingar og eit møte med nynorsken. Med OBOS Billettfond for skolar ønskjer teateret at flest mogleg skal få oppleve kunst og kultur.
