Hulda Garborg grunnla Det Norske Teatret. Ho budde saman med Arne Garborg på Labråten i Asker. Dette er ein del av Asker Museum, og du kan ta med elevane dit og få eit spanande møte med norsk litteraturhistorie, språkhistorie, teaterhistorie og kulturhistorie! Les om dei to formidlingsopplegga under:

Hulda besøkte eit reservat for urfolk i North Dakota. Foto: ukjend, 1913, brukt i artikkelserien «Et myrdet Folk», del II, Morgenposten/Dagens Nyt (sundagsnummer), 8. nov. 1914, Nasjonalbiblioteket.
Norske ideal – amerikanske tilstandar
Hulda til Amerika 1913: Reise, rase og kultur.
I 1913 reiste Hulda Garborg til Amerika for å arbeide for «den norske saka». Der skulle ho avduke ein byste av språkmannen Ivar Aasen. På reisa skreiv ho dagbok og brev. Dette materialet gir eit nært innblikk i tankane hennar om møtet med Amerika. Det handlar om sosial ulikskap, rasisme og undertrykking. Etter reisa engasjerte ho seg sterkt for det amerikanske urfolket. Korleis alt dette heng saman med «den norske saka» er tema for ei utstilling som no står på Asker Museum.
Formidlingsopplegget byrjar i heimen til Hulda og Arne Garborg, Labråten, før elevane blir tatt vidare med på reisa til Amerika i utstillinga Hulda til Amerika 1913 – reise, rase og kultur. Der får dei bryne seg på refleksjonsoppgåver og aktivitetar som skaper relevane i deira eigne liv. Opplegget avsluttar med ein oppsummerande samtale i salongen på museet.
Målgruppe: VG 1-3
Undervisning: veke 42-51, kl. 10.00-11.30 (90 minutt)
Pris: 65 kr per elev
Bestilling: Send e-post til asker.museum@mia.no
Ta kontakt: For spørsmål om opplegg/tilrettelegging, telefon 66790011
Les meir: mia.no/askermuseum/skoler-og-grupper

Heim til Hulda og Arne Garborg
Hulda og Arne Garborg – dei kan verke både alvorlege og strenge, og dei meinte alvor når det galdt den norske kulturarven!
Men det var så mykje humor og sjølvironi at dei hadde teke ungdom i 2025 med storm! Difor lovar Asker Museum å ta ungdommen med storm når dei kjem til på besøk til heimen til Arne og Hulda. Og ta dei heilt på alvor når dei lurer på kvifor dei på død og liv må lære nynorsk!
Garborgparet brann for målsaka og norsk kulturarv og dei var sentrale i skipinga av Det Norske Teatret i 1913. Eit besøk i heimen deira, Labråten, i samband med eit teaterbesøk, undervisning i litteraturhistorie, nynorsk eller historie, gjev elevane ei lærerik og minneverdig oppleving.
Målgruppe: 8.-10. trinn/VGS
Undervisning: tysdag-fredag kl. 10-11 (60 min)
Pris: 65 kr per elev
Bestilling: send e-post til asker.museum@mia.no
Ta kontakt: for spørsmål om opplegg/tilrettelegging, telefon 66790011
Les meir: mia.no/askermuseum
Labråten i Asker, heimen til Hulda og Arne Garborg. Foto: Asker Museum

