Vidar Magnussen
har studert teater ved The Weber Douglas Academy of dramatic arts.
Sidan har han jobba som skodespelar og manusforfattar. The Book of Mormon på det Norske Teatret var hans debut som teaterregissør, framsyninga er den mest sette i Det Norske Teatrets historie og fekk Heddaprisen som Årets framsyning i 2018.
Etter utdanninga var han tilsett som skodespelar ved Den Nationale Scene frå 2008-11 og Det Norske Teatret frå 2011-2016. Her spelte han mellom anna Seremonimeisteren i Shockheaded Peter, ein prestasjon han fekk både Heddaprisen for Beste mannlege hovudrolle og Komiprisen for i 2014. Han har også fått Komiprisen for Beste Nykommar i 2010.
I NRK har Vidar Magnussen vore del av Underholdningsavdelingen og spelt i serien Side om side. Han forfatta, regisserte og spelte hovudrolla i krimkomedieserien Magnus på NRK. Serien fekk strålande kritikkar og blei tatt ut til hovudkonkurransen under Cannes International Series Festival – også kjent som Canneseries.