DON CARLOS

På Hovudsenen frå 12. mars:

BLOD OG BEGJÆR
Don Carlos er rekna som som eit av den store tyske diktaren Schillers hovudverk. Stykket er fylt av romantisk glød, lidenskap pg kamp for rettferd. Med utgangspunkt i ei pasjonert kjærleikshistorie ved det spanske hoffet utviklar stykket seg til ein blodig maktkamp mellom fridom og tyranni. I hovudrollene Per Kjerstad og Nicolai Cleve Broch.

BILLETTSALET HAR STARTA!

3. september er det noregspremiere på Broadway-suksessen Next to Normal, USAs mest omtala, nye musikal. Dette er kvardagshistoria om ein moderne forstadsfamilie som har fått publikum og presse til å overgå kvarandre med superlativ.  Ein elektrisk musikal som tar pusten frå publikum og som framkallar både latter, tårer og sterke kjensler. Vi stiller med eit stjernelag på scenen: Heidi Gjermundsen Broch, Frank Kjosås, Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik, Lasse Kolsrud og Thomas Bye. Les meir og høyr musikk frå originalproduksjonen her og følg produksjonen vår på facebook
 


 

FAMILIEN - August: Osage County

På Hovudscenen frå 5. februar:

BROADWAY-SUKSESS ENDELEG PÅ NORSK SCENE
Med beiske replikkar og bitande humor riv tre generasjonar kvarandre i fillebitar mens publikum set latteren i halsen. Med m.a. Britt Langlie, Jorunn Kjellsby, Marianne Krogh, Jan Grønli.

5.jpgStort teater - VG


Britt Langlie er virtuos...i spissen for et velopplagt ensemble
- Aftenposten

Grotesk rørende - Dagbladet
 

DEN STYGGE

På Scene 2 frå 19. mars:

NÅDELAUST KOMISK

Oppfinnaren Lette er så usannsynleg stygg at han blir nekta å promotere si eiga oppfinning. Fortvila søkjer han hjelp hos ein plastisk kirurg som forvandlar han til ein Adonis. Men kva skjer når ansiktet hans blir ei salsvare og alle vil sjå ut som den nye Lette? Med brodd og humor driv komedien om Lette gjøn med vår tids dyrking av det ytre, med den kosemtiske kirurgien og jaget etter nye identitetar. I hovudrolla Svein Tindberg.

EVIG UNG

På Hovudscenen frå 13. februar:

KOMIPRISEN 2009
Vinnaren av Komprisen 2009 for beste framsyning er tilbake! Kven kan stå imot galgenhumoren, hit-paradane, og gjøglargleda i denne sjarmbomba av ei musikkteaterframsyning? Med m.a. Charlotte Frogner, Anders Rogg, Frank Kjosås og Trond Høvik.

5.jpgShownumre i toppklasse - VG


Helsefarlig morsomt - Aftenposten (les heile kritikken her)  

 

BLENDVERK

På Scene 2 frå 12. februar:

DAMER, DEKADANSE OG DIKTATUR 
Blendverk er mørk og intens i tematikk og utfordrande i form. Men viktigst av alt - eit skarpt og utfordrande blikk på vår eigen samtid. Stykket er ført i pennen av ein av Englands unge dramatikarkometar, Abi Morgan. Med Heidi Gjermundsen Broch, Ingunn B. Øyen, Nina Woxholtt og Ingrid Jørgensen Dragland.

Sterk historie - Dagbladet

Fascinerende - Aftenposten

Kjærkomment drama - Dagsavisen (les heile kritikken her)

Briljante skuespillere - Klassekampen

 

 



 

KJÆRLEIKEN OVERRASKAR IGJEN

På Scene 2 frå 15. januar:

SISTE SJANSE 23. OG 24. MARS
To naboar har bestemt seg for å stengje kjærleiken ute på livstid men den magiske forelskinga grip om seg i takt med mange morosame, såre og opprivande intrigar. I hovudrollene Svein Tindberg og Gjertrud Jynge.

Praktfull kjærlighet, spilt så det er en fryd - Dagbladet

Ypperlige prestasjoner - Aftenposten (les heile kritikken her)

 




 

LADYEN AV BURMA

På prøvesalen frå 11. mars:

EIN FREDSPRISVINNARS LIV
I Ladyen av Burma speler Ingunn Øyen ein monolog om nobelprisvinnaren Aung San Suu Kyi. I stykket sit ho i eit fengsel i Rangoon etter arrestasjonen i 2003. Som ein rollefigur i et gresk drama står ho opp for saka si, ubøyeleg og modig og ofrar dei ho elskar for ei sak som er endå større: frigjeringa av sitt land og folk.

5.jpgEt svært gripende innsyn i demokratiforkjemperen Aung San Suu Kyis liv - Trønder-Avisa

BEAIVVAS SAMI TEAHTER

På Prøvesaken 23. - 25. mars:

GJESTESPEL
Beaivvas Sami Teahter gjestar Det Norske Teatret med si siste framsyning Allaq.

JENTEKVELD FØR DON CARLOS

Jentekveld i foajeen 17. mars frå kl. 18.30:

MØT NICOLAI CLEVE BROCH OG PER KJERSTAD
Møt hovudrollene i Don Carlos, bli med i trekning av billettar til haustens musikal og sjå framsyninga - alt dette for berre kr 300 (ordinærpris kr 340). Det blir eigen bar med sal av boblande drikke og snack. Ta med vinklubben, syklubben, jentegjengen, avdelinga din på jobb – alle herlege jenter er velkomne. Menn er sjølvsagt også velkomne! Billettar får du her (vel "Jentekveld").

BAKSNAKK

Onsdag 7/4 kl. 18:00:

EI VERD FULL AV STEREOTYPAR?
Med utgangspunkt i komedien Den stygge spør vi kor det blir av det individuell i jakta på det perfekte. Kva avgjer eigentleg om noko er pent eller stygt? Og stikk identitet djupare enn utsjåande? I panelet sitt Erling Dokk Holm, Svein Tindberg m.fl. Det er mogleg å sjå framsyninga same kveld kl. 19:30. Fri entré. Les meir om programmet her.

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00