Orgasm addict

Tittelen er ein låt av punkbandet Buzzcocks. For Fin Serck-Hanssen var punken og seksualiteten drivkrafta i tidleg vaksen alder. Dette blei formativt for livet og det fotografiske arbeidet hans.

I samband med framsyninga Berre verdas undergang har han valt ut bilde tatt i England og Noreg tidleg på 1980-talet. Frå natteliv og kvardag. I samarbeid med utstillingsdesignaren Harald Lunde Helgesen er bilda trykte på tøyelege tekstilar og spente opp mellom golv og tak i foajeen på Det Norske Teatret.

UTSTILLINGSOPNING
25. november kl. 18.00
Utstillinga vil bli opna av Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Fotograf Fin Serck-Hanssen har vore aktiv som fotograf og bildekunstnar sidan tidleg 80-tal. Han var ein av dei første opne skeive kunstnarane i Noreg, og har i lang tid arbeidd med å portrettere norske skeive fellesskap.