Om det multinorske

Hausten 2012 starta Det Norske Teatret opp bachelorstudiet Det Multinorske for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa. Med dette prosjektet har Det Norske Teatret redefinert og utvida si opphavelege oppgåve. Det Norske Teatret har historisk vore eit innflyttarteater og har gjennom dei siste 100 åra utvida rommet og førestillingane av kva hovudstaden var og skulle vere.

Hausten 2012 starta Det Norske Teatret opp bachelorstudiet Det Multinorske for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa. Med dette prosjektet har Det Norske Teatret redefinert og utvida si opphavelege oppgåve. Det Norske Teatret har historisk vore eit innflyttarteater og har gjennom dei siste 100 åra utvida rommet og førestillingane av kva hovudstaden var og skulle vere. Teatret ville med Det Multinorske synleggjere at Oslo lenge hadde vore ein etnisk samansett og mangfaldig by. Vidare har det lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det Multinorske er difor eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.

Utdanninga var treårig og leidde til ein bachelorgrad i skodespelarfaget. Dei som fullførte studiet, fekk tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret. Studiet blei gjennomført i samarbeid med teaterutdanninga ved Nord Universitet, men undervisningsopplegget var primært ved Det Norske Teatret. Det Norske Teatret var tungt involvert i den kunstnarlege, pedagogiske og administrative styringa av utdanninga.

Tre kull med til saman 13 studentar fullførte si utdanninga. Første kull i skodespelarstudiet avslutta våren 2015 og gjekk inn i ensemblet i året 2015/2016, det andre kullet vart ferdigutdanna våren 2018, og det siste kullet var ferdige våren 2021. Vi har sett alle frå Det multinorske i ulike roller i åra som har gått, med oppgåver både her på teatret og ved andre scener.

Det er ikkje tatt opp nye studentar ved Det Multinorske etter våren 2021.


Sist oppdatert 22. mai 2023.