Notis

Utstilling og samtale

Det Norske Teatret ønskjer velkommen til utstillingsopning og samtalen «Bed-in mot apokalypsen» mellom Vegard Vinge og Julian Blaue fredag 15. september kl. 17.00.

I foajeen på Det Norske Teatret står det ei utstilling med måleri av Vegard Vinge. Denne er sett opp i samband med framsyninga Byggmeister Solness av Vinge/Müller som speler på Scene 2 denne hausten. Til framsyninga har Vegard Vinge skapt ein heilt særeigen «programkatalog» - ein labyrint av eit kunstverk. I denne blir tallause måleri, teikningar og skisser med referansar til film, musikk, albumcover og tidlegare arbeid utstilt. I midten står ei romslig DVD-samling omkransa av målte plateomslag, fritolking av avisforsider, portrett av Madonna, argentiske landslagsspelarar i fotball, og litterære protagonistar. Konseptkunst? Gutteromsfantasiar? Eller ei utviding av scenerommet?

Fredag 15. september kl. 17.00 inviterer Det Norske Teatret til utstillingsopning og samtale i foajeen utanfor Scene 2.

Om samtalen

Bed-in mot apokalypsen
I utstillinga av Vegard Vinges måleri i foajeen til Det Norske Teatret står det ei seng. Her ligg performancekunstnar Julian Blaue i lag med Vegard Vinge. Dei skal snakke om den totale, radikale fiksjonen. Om den monstrøse verkelegheita. Og om Vinge/Müllers lange Ibsen saga, frå «Et dukkehjem» på Off-Off-Off-Ibsenfestivalen i 2006, via smadra lauk på det tyske utanriksdepartementet, til ei framsyning som sett huset i brann fortida: «Byggmeister Solness». Blaue spør: Kan denne framsyninga, eit overskotsritual og ein eksess av det umoglege, forhindre apokalypsen? No? Ikkje gå glipp av denne happeningen der den fjerde veggen mellom seng og publikum gjennomsugast.

Om utstillinga

Utstillinga vil vere tilgjengeleg for publikum i samband med samtalen, og kvar gong framsyninga Byggmeister Solness speler.

Torsdag 14. september frå kl. 13.00

Fredag 15. september kl. 17.00 (Utstillingsopning og samtale)

Laurdag 16. september frå kl. 13.00

Tysdag 19. september frå kl. 13.00

Laurdag 23. september frå kl. 13.00

Det er gratis å besøke utstillinga, og du treng ikkje billett.