Notis

Rabatterte teaterbillettar og støtte til nynorsken i same vending?

Ja, det er faktisk mogleg dersom du melder deg inn i Venner av Det Norske Teatret før midten av april.

Du kan melde deg inn som del av Tett gapet-kampanjen ved at du betaler kontingenten på 400 kr. innan 13. april 2024. Deretter gjev Vennelaget eit tilsvarande beløp til kampanjen for kvart nytt medlem som melder seg inn på denne måten. Ved at du blir medlem gjennom Tett gapet er du med på å støtte to gode føremål – nynorsken og Det Norske Teatret.
Vil du at kontigenten din skal gå til Tett gapet, kan du sende ein e-post til vennelaget@detnorsketeatret.no

Attpåtil får du ta del i fordelsprogrammet som Det Norske Teatret tilbyr Vennelaget sine medlemmer. Du får også tilbod om medlemstreff og turar mm. som Vennelaget arrangerer. Medlemskapet vil gjelde ut året 2024.

Nesten for godt til å vere sant, seier du? Ja, men det er altså sant.

Det Norske Teatret må sikre eit forsvarleg og varig økonomisk fundament. For tida manglar vi 25 millionar kroner som er summen som skil tilskotet mellom dei to nasjonale teatera i hovudstaden. Kampanjen Tett gapet er eit krafttak blant venner av nynorsken for å løfte det offentlege tilskotet til Det Norske Teatret.

Avrundinga skjer med urpremieren av Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov på Hovudscenen den 13. april. I denne historia lagt 20 år fram i tid blir samtida sittmøte med Ivar Aasen heilt spesielt. Folk i 2042 har nemlegheilt mista evna til konsentrasjon og ingen er lenger engasjertei noko. Men oppdaginga av den innbitne og tolmodige språkforskaren blir starten på ei politisk vekking som får uventa konsekvensar.

Are Kalvø har vist at han evnar å skrive politisk satire med eit varmt hjarte for både høg og låg. No er det Ivar Aasen som får heltestatus. I direktestrøyminga, facebookfeeden og støyen sin tidsalder blir den vestlandske stabukken eit slags ideal.

Nynorsken er i vinden, ikkje minst også etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Fosse takka nynorsken for prisen.

No er det kanskje Are Kalvø som skriv seg inn i tidsånda.

Vi veit at Det Norske Teatret sin posisjon er viktig. Det har han vore i over 100 år. For scenekunsten og for det nynorskespråket. Derfor er det viktig at vilkåra er dei same for dei to nasjonale teatera i hovudstaden.

Meld deg inn Venner av Det Norske Teatret gjennom Tett gapet-kampanjen, og du er med på å gjere ein forskjell!

Støtt nynorsken – Tett gapet!