Vi har masse å by på og gler oss til å opne teatersalane for publikum allereie i morgon. Vi kan garantere eit føreseieleg, rikhaldig og godt repertoar som har noko for alle. Det blir alt frå familievennleg til smalt og nyskapande. Store klassikarar, musikkteater, nyskriven dramatikk og poesikveldar. Vi har meir enn 20 titlar å velje mellom på fem scenar denne hausten. No kan du fint planlegge fram i tid, ta med deg venner og familie. Takk for at du har vore tolmodig med oss. Vi er her no - for deg. Vi vil ønske deg velkommen tilbake igjen med eit supertilbod. Du kan no kjøpe billettar til alt vi har i repertoaret i 2021 for halv pris til og med onsdag 27. oktober.
Vel prisen HALV PRIS når du kjøper billettar på nett.
Velkommen tilbake til oss!
Helsing Erik Ulfsby

Oversyn over alt vi har på plakaten!
Vi har noko for store og små, både smalt og breitt.
https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar