Notis

Kulturnatt på det norske teatret 16. September.

Skaff deg byens mest eksklusive antrekk og gå på Bikubekveld!

KOSTYMESAL

Skaff deg byens mest eksklusive antrekk!


Ønskjer du å kunne kle deg som prinsesse eller froskeprins?
Kulturnatta inviterer Det Norske Teateret også til kostymesal på teateret. Alt som blir lagt ut for sal på dette - noko alternative – loppemarkedet, er kostyme frå ulike framsyningar dei seinare åra.


Arrangementet finn stad på plan 2 i teatret, og køen startar kl. 16. Dørane opnar kl. 18, og kostymesalet er ferdig kl. 21.

BIKUBEKVELD

Kveldens Bikubekveld markerer at det er 400 år sidan sjølveste William Shakespeare døydde. Og vi inviterer til ein skikkeleg festaftan!
Vi feirar den vakre poesien, dei rike persongalleria og udøydelege dramatikken - som er like aktuell i dag som for 400 år sidan. Bikuben vil sitre av drama og kjærleik, tragedie og humor, song, musikk og lyrikk!


Arrangementet er billettert og blir spelt i Bikuben, plan 2 i teatret.
For billettar gjeld førstemann til mølla, gå direkte i billettluka på
Det Norske Teatret frå kl. 11.00 same dagen og hent deg ein gratisbillett, og møt opp i god tid før arrangementet startar kl. 22.30. Innslepp frå 21.30.

KORLEIS KJEM EG MEG TIL DET NORSKE TEATRET?

- T-bane til Stortorvet eller Nationaltheatret
- Trikk til Tinghuset (11, 17 eller 18)
- Adresse: Kristian IV`s gate 8

ANDRE VERDSKRIGEN

For dei som ikkje har fått nok når kvelden er gått - så spelar vi også framsyninga Andre verdskrigen - Natt i verda. Framsyninga startar kl. 23.45, og krevjer billett. Det kan du kjøpe her.