Notis

Kostymesal med meining!

Tidenes kostyme til Halloween? Eller berre interessert i eit eventyrleg karnevalsantrekk ingen har maken til?

I samband med premieren på Snøsøstera opnar vi eit heilt eineståande kostymesal for ungar i alderen 3 til 8 år. I eit hav av glitter, paljettar og tyll kan familiens yngste forvandle seg til ein arabisk prins, ei vakker prinsesse, ein farleg pirat eller kanskje ei skummel heks eller trollmann? Berre fantasien set grenser!

Ikkje alle ungar går juletida i møte med glede. Inntektene frå kostymesalet går uavkorta til Redd Barna, som hjelper familiar og barn i Ukraina som vil få ei annleis jul i år. Butikken er open frå kl. 17.00 på premieredagen til Snøsøstera og vi sel kostyme til lageret er tomt. Men du må kome innom før Halloween, for da pakkar vi saman igjen.

Du betalar for kostyma i billettluka.