Notis

Hurra for 40 år!

40 år = 40 kroner per billett i 40 minutt!

Feir saman oss!

Vi slår på stortromma med eit historisk jubileumstilbod:

Fredag 19. september kl. 12.00–12.40
40 kroner per billett*

Førstemann til mølla!

* Maks 2 billettar per person per framsyning.
* Tilbodet gjeld alle framsyningar som ligg ute for sal – med unntak av Europavisjonar og Da vi var yngre.

40 år med fest og knallsterke opplevingar!

I 1985 flytta Det Norske Teatret frå Stortingsgata og inn i Kristian IVs gate 8. Gjennom dei 40 åra som har gått, har vi bydd på hundrevis av framsyningar for millionar av publikum i alle aldrar.

Det blei feira med ein gigantisk fest i det tipp topp moderne bygget som var state-of-the-art i internasjonal teatersamanheng. Huset og fasaden, teikna av 4B arkitektar, er eit eineståande eksempel på 80-talets postmoderne arkitektur, og framstår framleis ung og vakker.

Det blei også halde 40 lokale festar over heile landet fordi Det Norske Teatret hadde opna, og at nynorsken endeleg hadde fått si høgborg midt i hovudstaden. Dette var som ei fysisk manifestering av jamstillingsvedtaket frå hundre år tidlegare - i 1885 - da bokmål og nynorsk blei sidestilte som offisielle skriftspråk. Endeleg hadde nynorsken eit like flott teaterhus som bokmålet!

Vi håpar de alle blir med oss på eit tre gongar tre hurra for ein middelaldrande - men høgst vital - 40-åring i dag!