Vi på Det Norske Teatret har ei lang og nær historie med kongehuset, heilt frå den første framsyninga på Teatersalen i Bøndenes hus. På den aller første framsyninga 6. oktober 1913 var det sett fram ein høgrygga kinsarvikstol midt på galleriet. Frå denne skulle den danskfødde bestefaren til kong Harald, kong Haakon, få oppleve den aller første framsyninga teateret spelte i hovudstaden. Etter framsyninga av Jeppe paa Berget, framført på landsmål, var kong Haakon stolt og nøgd over å ha forstått kvart einaste ord. Av respekt for kongen braka opptøyane først ut under den neste framsyninga, da riksmålsungdommen hadde mobilisert til protest mot denne bondekulturen.
Også under opninga av det nye teaterhuset i Kristian IVs gate i 1985 var kongen vår på plass. 6. mai opna far til kong Harald, kong Olav, nybygget og gratulerte med dagen. Han ønskte ingen kongelosje, men skreiv namnet sitt på ei marmorplate som heng i foajeen vår. Kong Olav kvitterte så med utsegna om at han håpte at bygget kunne «inspirere forfattarar til å skape betre dramatikk». Kommentaren vekte latter og ettertanke. Om det gjekk troll i ord, skal vi ikkje vere skråsikre på. Men no er det i alle fall slik at kong Haralds næraste nabo dei siste åra har vore nobelprisvinnaren Jon Fosse, som har fått sin eigen internasjonale festival ved Det Norske Teatret. I 2011 flytta han inn i æresbustaden Grotten der han framleis har adresse.
Kong Harald har vore ein fast gjest ved Det Norske Teatret, både i offentlege og private samanhengar. Ein av dei siste gongene kongen var på offisielt teaterbesøk på Det Norske Teatret, var på teaterframsyninga =Oslo, om dei som lev på gata og slit med rus. Kong Harald har alltid hatt eit godt hjarte for dei utstøytte og dei som har vanskelege liv. Etter teppefall kom kongen og dronninga bak scenen for å helse på skodespelarane og nokre av dei som hadde bidrege med eigne erfaringar til stykket.
Kong Harald og dronning Sonja helsar på skodespelarane og dei medverkande til framsyninga =Oslo. Foto: Fredrik Varfjell/NTB.
At kongen var glad i ein god latter, var kjent. Det var derfor ikkje overraskande for oss på Det Norske Teatret at han kom når det stod humor og satire på repertoaret. Meir overraska blei publikummaren som kom seint inn på rada si før ei framsyning av The Book of Mormon. På veg inn oppdaga han at han passerte kong Harald som hadde reist seg for å sleppe han forbi. “Neimen, er det ikkje kongen?” sa han overraska der han stod med fire øl på eit brett. "Om kongen ville ha ein øl?” Kongen lo godt og meinte han burde ta med brettet til dei som venta lenger inn på rada.
Det er lett å bli glad i ein konge som forvaltar både det opphøgde og det folkelege med stø hand. Med respekt og godheit minnest vi ein høgt akta og elska konge.
Kvil i fred.
Oslo, 28. august 2026.