Notis

Fem Heddaprisnominasjonar til Det Norske Teatret

I dag blei alle dei nominerte til den prestisjetunge teaterprisen Heddaprisen offentleggjort, og Det Norske Teatret er stolt og glad over heile fem nominasjonar!

Her er dei nominerte:

Sara Khorami er nominert i kategorien Beste kvinnelege hovudrolle og Joachim Rafaelsen Beste skodespelar/medspelar i Kristin Lavransdotter.

Torkel Skjærven er nominert i kategorien Beste audiovisuelle design for Semper Eadem. Framsyninga er også nominert i kategorien for Beste musikkteaterframsyning.

Emil Johnsen er nominert i kategorien for Beste mannlege hovudrolle for rolla som eg-personen i Édouard Louis´ Ei kvinnes kampar og forvandlingar.

Les om alle dei Heddaprisnominerte her.