Notis

Elleve Heddapris-nominasjonar til Det Norske Teatret!

Det er definitivt tid for glede på Det Norske Teatret når heile elleve Heddapris-nominasjonar er stila til ei av våre framsyningar. Og - nettopp - Tid for glede er den største prisgrossisten av dei alle med heile sju nominasjonar.

- Å bli nominert til 11 prisar i eit år da to år skal oppsummerast, må jo reknast som ein siger i seg sjølv, seier ein svært nøgd teatersjef Erik Ulfsby. Han ser dette som eit prov på at Det Norske Teatret har lykkast med strategien teateret har halde gjennom pandemien: Teater, trass alt! I den tida Heddajuryen no skal dekke har det rådd ulike restriksjonar i hovudstaden, og teateret har i periodar mellom anna måtta spele teater og ha premiere for tomme salar.

Den som kanskje vil glise aller breiast i år, er dramatikar Arne Lygre. Inntil i år har han kanskje vore meir kjend i Frankrike enn i Noreg. Men det kan vere endra no. Framsyninga Tid for glede er nominert heile 7 gonger, mellom anna for beste scenetekst og beste teaterframsyning.
- Det siste halvåret har vore ei utruleg reise. Mottakinga frå kritikarkorpset og publikum har vore så stort å oppleve, seier ein audmjuk Lygre, som er overvelda over nominasjonsdrysset. Han kan også avsløre at han merkar at Tid for glede har vekt stor interesse over landets grenser, og nok vil bli å sjå i fleire land enn Sverige og Frankrike, som alt er planlagt.

- Tid for glede er ikkje berre ein fantastisk scenetekst, som ved hjelp av gode regi- og scenografikrefter, eit fantastisk ensemble og smart bruk av musikk evner å seie noko viktig til oss menneske i dag. Stykket treff tidsanda på eit heilt uventa vis. Du går ikkje ut av teatersalen uberørt. Tid for glede løfter deg, beriker deg og utfordrar deg. Og så gjer den deg litt klokere på livet, seier teatersjef Ulfsby om kvifor han trur at framsyninga har fått ein drøss av nominasjonar.

Laila Goody, som gjestar Det Norske Teatret for første gong, har også blitt nominert til beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Ei mor/Ei anna mor i Arne Lygres stykke:
- Det finst ikkje så mange slike roller for vaksne kvinner som meg. Eg kjenner at eg får brukt meg, alt eg har å by på som skodespelar... Så eg er spesielt glad for å bli nominert for akkurat denne rolla, seier Goody. Ho set også spesielt pris på at framsyninga har hatt slik gjennomslag hos publikum kveld etter kveld, og at det er eit samansveisa ensemble som står i lag.

I tillegg er også Preben Hodneland og Thea Lambrechts Vaulen nominert til høvevis beste mannlege og kvinnelege skodespelar/medspelar for sine prestasjonar i Tid for glede. Regissøren for framsyninga, Johannes Holmen Dahl, er nominert for beste regi, og mellom dei nominerte for Beste scenografi/kostymedesign er Nia Damerell (scenograf og kostymedesignar) og Norunn Standal (lysdesignar) for Tid for glede.

Lehmantrilogien
frå 2021 har også blitt nominert for Beste regi ved Maren E. Bjørseth, og Kyrre Hellum er nominert for Beste mannlege skodespelar/medspelar for rollene han spelte der. Også Sara Fellman og Kjersti Dalseide er nominerte til Beste kvinnelege skodespelar/medspelar for høvevis rolla som Gjertine i Slåttekar i himmelen (samarbeid med Teatret Vårt), og som Alma i Persona.


Kven som stikk av med dei gjeve teaterprisane blir avgjort kvelden den 19. juni under Heddaprisutdelinga på Det Norske Teatret.


Liste over alle dei 11 nominasjonane til Det Norske Teatret:

- Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle: Laila Goody for rollen som Ei mor/Ei anna mor iTid for glede av Arne Lygre, regi Johannes Holmen Dahl – Det Norske Teatret

- Beste kvinnelege skodespelar/medspelar: Sara Fellman for rolla som Gjertine i Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem, regi Bentein Baardson – Teatret Vårt og Det Norske Teatret

- Beste kvinnelege skodespelar/medspelar: Kjersti Dalseide for rolla som Alma i Persona av Ingmar Bergman, regi Johannes Holmen Dahl – Det Norske Teatret

- Beste kvinnelege skodespelar/medspelar: Thea Lambrechts Vaulen for rolla som Ei ekskone/Ein eksmann i Tid for glede av Arne Lygre, regi Johannes Holmen Dahl – Det Norske Teatret

- Beste mannlege skodespelar/medspelar: Preben Hodneland for rolla som Eit eg/Eit anna eg i Tid for glede av Arne Lygre, regi Johannes Holmen Dahl – Det Norske Teatret

- Beste mannlege skodespelar/medspelar: Kyrre Hellum i Lehmantrilogien av Stefano Massini, regi Maren E. Bjørseth – Det Norske Teatret

- Beste regi: Johannes Holmen Dahl for Tid for glede av Arne Lygre – Det Norske Teatret

- Beste regi: Maren E. Bjørseth for Lehmantrilogien av Stefano Massini – Det Norske Teatret

- Beste teaterframsyning: Tid for glede av Arne Lygre, regi Johannes Holmen Dahl – Det Norske Teatret

- Beste scenografi/kostymedesign: Nia Damerell for scenografi og kostymedesign og Norunn Standal for lysdesign til Tid for glede – Det Norske Teatret

- Beste scenetekst: Arne Lygre for scenetekst til Tid for glede – Det Norske Teatret