NetNordic Billettfond

Saman med NetNordic har vi oppretta eit billettfond for elevar på yrkesfag og studentar innanfor data, informasjonsteknologi eller informatikk. Er du nysgjerrig på teater og ønsker å gjere ein sosial aktivitet saman med klassen din? Sjekk om du kan søke fribillettar frå billettfondet.

NetNordic og Det Norske Teatret har ei samarbeidsavtale for å kombinere kunst og teknologi og saman har vi oppretta eit billettfond for elev- og studentgrupper. Her kan klassar og studentgrupper søke om billettar for å gå i teateret, samt få ei skreddarsydd omvising på Det Norske Teatret.

Kven kan søke?
1. Du underviser eller er elev/student på yrkesfag, data, informasjonsteknologi, informatikk eller liknande.
2. Du ønskjer å gjere ein sosial aktivitet saman med klassen din.

Ei skreddarsydd omvising som tek deg igjennom teaterhuset med særleg fokus på lys, lyd og teknologi i teateret.

Ønsker de omvising?  (oppmøte 60 min før framsyninga startar)