Det er ingen foss inne på Det norske teatret. Men i samband med DIFF, har vi laga ei litterær “Fosse-bru” i foajeen.

Brua er skilta med hundar og tekst henta frå Hundemanuskripta av Jon Fosse. Les du deg frå inngang C til inngang D og tilbake att, får du med deg ein kortversjon av Du og du, forteljinga om fjordahunden Olav, gardshunden Bård og byhundefrøkna Erna.

Litteraturstien blei laga i Lillomarka i september 2024 i samband med feiring av Nobelprisen til Jon Fosse. Hundane på skilta er teikna av barn ved Aktivitetsskolen ved Møllergata skole. Bak tiltaket står Hordalaget, Hardinglaget, Den mangfaldige scenen og Oslo mållag.

Du finn brua over det vi kallar Midtgolvet i foajeen, og denne vil vere open for publikum i samband med framsyningar på Hovudscenen og samtalar i foajeen.