
Velkommen til tre korte foredrag om Jon Fosse - med Brynjulf Jung Tjønn, Siss Vik og Vigdis Hjorth.
Brynjulf Jung Tjønn har, som Fosse, skrive både poesi, romanar, dramatikk og bøker for barn og unge. Han er ikkje minst kjend for diktsamlinga Kvit, norsk mann (2022) som fekk stor merksemd og begeistra kritikarar og lesarar. Namnet Jon Fosse har alltid vore ein del av oppveksten til forfattaren Brynjulf Jung Tjønn. I dette miniforedraget fortel han om kor viktig språket til Fosse har vore for skrivinga hans.
Siss Vik er litteraturjournalist og forfattar av Bokbrevet på NRK. Repetisjonar, melankoli, kjærleik, død og mystikk er kjende element i Jon Fosse sin forfattarskap. Men har vi snakka om dei klengete mødrene som Fosse-motiv? I foredraget «Må du gå alt?» skal Siss Vik gjera nettopp det.
Vigdis Hjorth er ein av våre fremste forfattarar, med nærmare førti prisvinnande og kritikarroste romanar, barnebøker og essaysamlingar bak seg. Ho debuterte same år som Jon Fosse og har følgt forfattarskapen hans frå starten. Ho vil fortelje om den tidlege Fosse, og om å vere ung skrivande samstundes med han.
Den internasjonale Fossefestivalen
Arrangementet er ein del av sideprogrammet til Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta, men du må hente ut gratisbillett. Det gjer du her: Hent gratisbillett.