Oslo kommune og Oslo Pride ønskjer velkommen til konferansen "Skeive flyktningars veg mot integrering og likeverd".

Korleis går det eigentleg med dei skeive flyktningane i Oslo, og kva for integreringsrelaterte utfordringar står dei overfor i byen vår?

Dei siste åra har norske styresmakter prioritert busetting av skeive overføringsflyktningar, og ein stor del av dei har blitt busett i Oslo. Forsking viser at skeive flyktningar møter stor grad av diskriminering av medelevar i norskopplæringa, manglande kompetanse i hjelpeapparatet og opplever høg grad av minoritetsstress.

Under denne konferansen vil vi belyse korleis integreringsaktørane i Oslo arbeider med integreringa av skeive flyktningar. Vi vil diskutere dei eksisterande utfordringane, og sjå framover på korleis situasjonen kan bli betre.
Oslo kommune vil også lansere HAILI-prosjektet - handlingsplan for integrering av LHBTIQ+-deltakarar i introduksjonsprogram.

Tysdag 24. juni kl. 11.00-13.30, Det Norske Teatret

Lanseringsarrangementet er gratis og ope for alle. Velkommen!

Program

Velkommen og opning av konferansen
v/ordførar i Oslo Kommune, Anne Lindboe

Presentasjon av HAILI-prosjektet
v/Helene Fredriksen og Robin Vikaune Ciovina

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
v/Mette Ommundsen som presenterar arbeidet med uttak av skeive kvoteflytningar

Likestillingssenteret
v/Hasti Sharifi Endestad, som delar si forskning om skeive innvandrarar og deira deltaking i norskopplæring

Panelsamtale
Samtale med Iman Sayyah, bydel Nordre Aker, Christer Dynna, lærar og Siri Skarby ved Siri Språkskole

Helsestasjonen for kjønn og seksualitet (HKS)
v/Ingun Wik, som informerar om tilbodet for flyktningar med kjønnsinkongruens

Skeiv Verden
Innlegg frå Joseph Mardelli og Sam Akram

Handlingsplan
Presentasjon av HAILI-prosjektets forslag til handlingsplan

Kunstnarisk innslag
Opptreden av drag-superstjerne og scenekunstnar Frida Marida.

PRIDE-meny

Svolten? Restauranten vår held ope!

Les meir