Velkommen til ein samtale med Arne Lygre og Ingrid Weme Nilsen før framsyninga Ikkje ein lyd.

I Arne Lygres siste stykke Ikkje ein lyd møter vi sju ulike menneske som bur på same øya. Fire har vendt tilbake til heimplassen etter å ha forlate staden og levd delar av vaksenlivet ute. To er nye i det vesle samfunnet, mens ein av dei aldri drog. Nokre har funne til øya for å kome unna livet dei hadde, andre for å finne tilbake til det som eingong var, det som dei kanskje har mista.

Lygre skriv ofte om menneske som forsvinn, eller søker seg bort. Denne gongen undersøker han kva som skjer når ein vender historia, og skriv om dei som kjem tilbake. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.

Tysdag 29. april kl. 18.45

Velkommen til introduksjon med Arne Lygre i samtale med dramaturg Ingrid Weme Nilsen. Samtalen er gratis og open for alle og skjer i Bikuben i 2. høgda på teateret. Merk at det er avgrensa med sitteplassar.

Velkommen!