
Nynorsk inspirasjonsdag Nynorsk inspirasjonsdag
Gratis tilbod til lærarar
Velkommen til Nynorsk inspirasjonsdag 9. september!
Underviser du på vidaregåande eller ungdomsskulen? Vil du få inspirasjon og tips til å undervise betre og med nye verktøy? Vil du møte menneske som brenn for betre språkundervisning? Då er inspirasjonsdagen noko for deg!
Program
Tysdag 9. september kl. 14-17
Kl. 14.00 - Velkomen
Med konferansier Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og forfattar.
Kl. 14.10 - Utforskande tilnærming til nynorskopplæringa.
Lesing på nynorsk og presentasjon av nye ressursar som lærarar kan ta i bruk. Med Synnøve Marie Sætre, leiar Nynorsksenteret, nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Kl. 14.50 - Matpause, enkel servering
Kl. 15.10 - Kunstig intelligens i skulen, med eit nynorsk blikk.
Med Erik Bolstad, målmann og sjefredaktør for Store Norske Leksikon.
Kl. 15.50 - Sidemåls-SKAM
Carl Martin Eggesbø og Ina Svenningdal frå SKAM og Det Norske Teatret i samtale om sidemål, SKAM og det å jobbe med nynorsk. Kva kunne dei, kva skulle dei gjerne ha lært og kva tips har dei til norsklærarane?
Kl. 17.00 - Slutt
Meld deg på!
Nynorsk inspirasjonsdag vert skipa til av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen, Noregs Lærarmållag og Oslo mållag, og er eit samarbeid med Det Norske Teatret.
Seminaret er gratis! Påmelding til e-post vegtrofos@gmail.com, påmeldingsfrist 3. september.
Sjå teater?
Som deltakar på Nynorsk motivasjonsdag kan du sjå teaterframsyning etterpå til berre 200 kr.
- Vinter av Jon Fosse kl. 19.00. Kjøp billett til 200 kr her.
- Skodespelet av Jon Fosse kl. 19.30. Kjøp billett til 200 kr her.



