Makt og lagnad i Medmenneske Makt og lagnad i Medmenneske
Introduksjon 15. mars
Korleis skildrar Olav Duun dei irrasjonelle kreftene som styrer oss? Velkommen til introduksjon om Medmenneske med professor Ronny Spaans.
Olav Duun er ein av dei mest gripande forfattarane i norsk litteratur. I Medmenneske, eit høgdepunkt i forfattarskapen, utforskar han makt og lagnad mellom menneske. Det handlar om den vonde Didrik Dale, den underkua sonen Håkon og svigerdottera Ragnhild. Romanen fører oss inn i menneskesinnet, i dei irrasjonelle maktene som styrer oss.
I denne introduksjonen blir du betre kjend med karakterane i Medmenneske og det litterære språket til Dun, dei råkande replikkane fulle av verbal kraft og underdriving. Det er ein forteljarkunst som går tilbake til islendingesogene. Duun skreiv norske soger i same stil.
Ragnhild sitt sitat «Det vonde drep du ikkje med øks» fortel både om språkleg kreativitet og om miskunn, som er så typisk for Duun. Men kva meiner Ragnhild eigentleg når ho seier dette? Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Makt – Humaniorafestivalen 2026»
Ronny Spaans er professor i litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo. Han forskar på nynorsk litteratur i førre hundreåret, forfattarar som Olav Nygard og Olav H. Hauge, og han arbeider for tida med ei bok om topografisk litteratur på 1600-talet. Han er òg medredaktør av Norsk litterær årbok.
Introduksjonen går føre seg i Bikuben på Det Norske Teatret. Arrangementet er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute.
Makt – Humaniorafestivalen 2026
Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt. Få med deg samtalar, føredrag, filmframsyningar og mykje meir, i samarbeid med leiande institusjonar i hovudstaden, mellom anna Det Norske Teatret. Denne introduksjonen er del av dette samarbeidet.
