
Lesesirkel: Morgon og kveld Lesesirkel: Morgon og kveld
Gratis sideprogram til DIFF
Kjøp billettBli med når influensar og forfattar Sophie Elise Isachsen og forfattar Agnes Ravatn diskuterer Jon Fosses roman Morgon og kveld i lag med Astrid Dypvik.
Meir varmt vatn Olai, seier gamle jordmor Anna
Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gammal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. På sitt særeigne vis skildrar Jon Fosse ytterpunkta i eit menneskeliv i Morgon og kveld (2000).
I denne lesesirkelen deltek influensar og forfattar Sophie Elise Isachsen og forfattar Agnes Ravatn. Samtalen blir leia av Astrid Dypvik.
Arrangementet er ein del av sideprogrammet til Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta i Lesesirkelen, men du må hente ut gratisbillett. Det gjer du her: Hent gratisbillett.
Vil du lese Morgon og kveld?
Du treng ikkje å ha lese boka for å ha glede av dette arrangementet. Det krevst ikkje deltaking frå publikum.
Men vil du lese ho, får du no automatisk 50 % rabatt på Morgon og kveld av Jon Fosse og heile resten av Nobelserien på www.samlaget.no.