Innsikt
Jallah Jenin! Jallah Jenin!
Ettersnakk Gjenferdet inn
Velkommen til ettersnakk etter Gjenferdet inn, med kunstnar Vibeke Harper og skodespelar Kyrre Hellum.
Skodespelar Kyrre Hellum og kunstnar Vibeke Harper ville støtte kollegaer på Vestbreidda og samla inn lys- og lydutstyr til The Freedom Theatre i Jenin. Det ein skulle tru var ein enkel innsamlingsaksjon, skulle vise seg å bli ein strabasiøs kamp og bratt læringskurve i norsk og israelsk byråkrati. I denne ettersnakken vil dei dele bilde, opplevingar og erfaringar frå reisene deira til Jenin, og vi får høyre korleis det gjekk med utstyret.
Ettersnakken skjer rett etter framsyninga Gjenferdet inn på Scene 3. Den varar i om lag 30-40 minutt.