Innsikt før Heil ved
Praktisk innsikt med John-Olaf Bogerud frå STIHL
Ønskjer du deg motorsag til jul, men er litt usikker på korleis du skal bruke ho? Velkommen til ein praktisk innsikt før Heil ved!
Praktisk innsikt 7. januar!
I framsyninga Heil ved kan du sjå skodespelarane felle eit tre og stable eit vedlag på Hovudscenen. Både motorsag og verneklede har teateret fått låne av STIHL. Før framsyninga 7. januar kan du få praktisk tips til korleis du bør handtere motorsaga di.
John-Olaf Bogerud frå STIHL vil gå gjennom både vedlikehald av sag og filing av kjede. Du får også sjå ulike typar filutstyr og verneklede.
Selskapet STIHL blei grunnlagd i 1926 av Andreas Stihl. Same år byde han si første motorsag. Den var elektrisk, veide om lag 48 kg, og oppfinninga skulle vise seg å revolusjonere skogbruket. Få år seinare laga STIHL verdas første motorsag som kunne brukast av ein person. Sidan 1970-åra har STIHL vore det mestseljande motorsagmerke i verda, og er det einaste merke som lager sine eigne sagkjeder og sagsverd.
Introduksjonen går føre seg i foajeen på Det Norske Teatret. Den er gratis og open for alle.
Velkommen!