Frå roman til teater Frå roman til teater
Innsikt før Medmenneske med Einar Vannebo
Kva val blir tekne når ein romane blir ført over til dramaform? Velkommen til introduksjon før Medmenneske.
Første gong publikum kunne oppleve Medmenneske på ein scene var i 1937. Da var Olav Duun sjølv delaktig i dramatiseringa av eigen roman, saman med teatersjef ved Det Norske Teatret, Knut Hergel. Sidan har Medmenneske hatt eit langt liv på teaterscenen. I denne introduksjonen ser Einar Vannebo på ulike tolkingar av romanen, og kva val som har blitt tatt i dei ulike dramatiseringane. Han ser også på kor i denne tradisjonen vi kan plassere oppsetjinga som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Einar Vannebo er filolog og teolog. I 2016 skreiv han avhandlinga si om religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting. Vannebo har vore direktør for Den internasjonale sommarskolen ved Universitetet i Oslo og medredaktør av Norsk litterær årbok. Han har vore aktiv i arbeidet med Duunformidling gjenom mange år, mellom anna i Olav og Emma Duuns stiftelse. Vannebo er no pensjonist og prestevikar.
Introduksjonen er gratis og open for alle.
Toppfoto: Frå oppsetjinga av Medmenneske på Det Norske Teatret i 1992. Regi og omarbeiding av ved Kjetil Bang-Hansen. Anneke von der Lippe spelte Ragnhild. Ståle Bjørnhaug spelte Didrik. Foto: William Mikkelsen/Det Norske Teatret
