Velkommen til Duun-prat før framsyninga, med Inger Johanne Sæterbakk og Siri Løkholm Ramberg.

Korleis blei Olav Duun den forfattaren han blei? Er han verkeleg ein norsk Dostojevskji og nynorskens Hamsun? Korleis kan komplekse moralproblem vere så underhaldande? Kva hende då han nesten fekk Nobelprisen? Og har forfattaren frå Jøa ei grunnleggjande negativ innstilling til storbyen?

Mange spørsmål får svar, når språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og dramaturg Siri Løkholm Ramberg snakkar seg gjennom Duun sitt liv og virke i Bikuben før framsyninga Medmenneske.

Introduksjonen er gratis og open for alle.

Gratis

Vel dato for innsikt Introduksjon før Medmenneske

  • Introduksjon 25. februar og 12. mars
  • Introduksjon 25. februar og 12. mars